Lov
Nynorsk
§ 30. Reklamasjon
Reklamasjon
Forbrukaren mistar retten til å gjere ein mangel gjeldande dersom det ikkje er gjeve melding til entreprenøren om at mangelen blir gjord gjeldande innan rimeleg tid etter at forbrukaren oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen. Ein mangel kan ikkje gjerast gjeldande seinare enn fem år etter overtakinga. Entreprenøren kan likevel ha teke på seg å svare for manglar i lengre tid.
Vil forbrukaren gjere gjeldande manglar som var eller burde ha vore oppdaga ved overtakinga, må dette gjerast så snart råd er dersom overtakinga skjer ved overtakingsforretning.
Når det blir halde seinare synfaring etter § 16, må forbrukaren gjere gjeldande manglar som var eller burde ha vore oppdaga, så snart råd er.
Entreprenøren kan ikkje gjere gjeldande at det er reklamert for seint etter denne paragrafen, om mangelen kjem av at entreprenøren eller nokon entreprenøren svarer for, har fare fram grovt aktlaust eller i strid med heider og god tru elles.
Retten til å gjere ein mangel gjeldande kan òg bli mista etter reglane om forelding i foreldingslova.
Forbrukeren må gi beskjed til entreprenøren innen rimelig tid etter at en mangel ble oppdaget for å kunne klage. Det er en hovedregel om at klagefristen er fem år etter overtakingen, med mindre det er avtalt lengre tid.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 15 juni 2007 nr. 36.
Sammenheng
Se også1
Referert av5
Koblinger for § 30 i bustadoppføringslova.