Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 34. Heving

Bustadoppføringslova·Kapittel IV. Manglar ved entreprenørens yting

Heving

Forbrukaren kan heve avtalen dersom mangelen inneber eit vesentleg avtalebrot. Forbrukaren kan òg heve avtalen før overtakingstidspunktet dersom det er klårt at ytinga kjem til å få ein slik mangel som nemnd i første punktum. Om verknadene av heving gjeld § 21 tilsvarande. Vert avtalen med entreprenøren heva på grunn av mangel ved entreprenørens yting, kan forbrukaren òg heve avtale om rett til grunnen som er gjort med nokon annan enn entreprenøren dersom a) planlegging og oppføring av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, og b) avtalen med entreprenøren omfattar det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden. I slike tilfelle kan forbrukaren jamvel heve avtalen med entreprenøren dersom avtalen om rett til grunnen blir heva på grunn av mangel. Blir begge avtalane heva, skal hevingsoppgjeret skje etter § 21 tredje ledd.

En forbruker kan heve avtalen dersom det foreligger et vesentlig avtalebrot, eller hvis det er klart at boligen vil få en slik mangel før overtaking. I visse tilfeller kan man også heve avtalen om rett til tomten hvis denne er knyttet til byggingen av boligen.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 21referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 34 i bustadoppføringslova.

Les hele loven i sammenheng →