Lov
Nynorsk
§ 35. Skadebot ved mangel
Skadebot ved mangel
Økonomisk tap som kjem av ein mangel, og som ikkje er dekt ved prisavslag etter § 33, kan forbrukaren krevje bøtt utan at det ligg føre skyld på entreprenørens side. Dette gjeld likevel ikkje så langt entreprenøren godtgjer at mangelen oppstod på grunn av ei hindring utanfor entreprenørens kontroll, og det ikkje er rimeleg å vente at entreprenøren kunne ha rekna med hindringa på avtaletida, eller at entreprenøren kunne ha overvunne eller unngått følgjene av hindringa.
Ligg årsaka til mangelen hos ein underentreprenør som etter avtale med entreprenøren skal utføre arbeidet eller delar av det, er entreprenøren ansvarsfri berre dersom underentreprenøren òg ville vere ansvarsfri etter føresegnene i første ledd.
Forbrukaren kan jamvel krevje skadebot for skade på ting som ikkje står i nokon nær og direkte samanheng med entreprenørens yting. Men dette skadebotansvaret fell bort dersom entreprenøren godtgjer at tapet ikkje kjem av feil eller forsøming på entreprenørens side.
Forbrukere kan få erstatning for økonomisk tap som følge av mangler, selv om entreprenøren ikke har skyld i det. Dette gjelder ikke hvis mangelen skyldes forhold utenfor entreprenørens kontroll. Erstatning kan også gis for skade på ting som ikke har direkte sammenheng med arbeidet.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av2
Koblinger for § 35 i bustadoppføringslova.