Lov
Nynorsk
§ 36. Omfanget av ansvaret
Omfanget av ansvaret
Skadebota skal svare til det økonomiske tapet forbrukaren har hatt (utlegg, prisskilnad, tapt arbeidsforteneste, tingskade m.m.). Dette gjeld likevel berre tap som ein rimeleg kunne ha rekna med som ei mogleg følgje av mangelen.
Forsømer forbrukaren å avgrense tapet gjennom rimelege tiltak, må forbrukaren sjølv bere den tilsvarande delen av tapet.
Ansvaret kan setjast ned dersom det vil verke urimeleg for entreprenøren. Ved vurderinga legg ein vekt på storleiken av tapet samanlikna med tap som til vanleg oppstår i liknande tilfelle, og tilhøva elles.
Erstatningen skal dekke det økonomiske tapet forbrukeren har hatt på grunn av en mangel, forutsatt at tapet var påregnelig. Forbrukeren må bidra til å begrense tapet. Erstatningen kan settes ned dersom det ville være urimelig for entreprenøren.AI
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 36 i bustadoppføringslova.