Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 37. Krav mot bakre ledd

Bustadoppføringslova·Kapittel IV. Manglar ved entreprenørens yting

Krav mot bakre ledd

Forbrukaren kan gjere sitt krav som følgje av mangel gjeldande mot ein tidlegare avtalepart som har gjort avtalen som ledd i næringsverksemd, i same mon som mangelen kan gjerast gjeldande av entreprenøren eller annan avtalepart. Avtale som innskrenkar det kravet entreprenøren eller ein annan avtalepart har, kan ikkje gjerast gjeldande mot forbrukaren i større mon enn det som kunne ha vore avtalt mellom forbrukaren og entreprenøren. Ved krav mot tidlegare avtalepart gjeld føresegnene om reklamasjon i § 30 tilsvarande for tilhøvet mellom forbrukaren og den tidlegare avtaleparten. I den mon forbrukaren gjer gjeldande krav mot entreprenøren som òg kunne ha vore gjort gjeldande mot ein tidlegare avtalepart, gjeld reklamasjonsfristen i § 30 første ledd andre punktum for vidare mangelskrav frå entreprenøren mot den tidlegare avtaleparten, dersom ikkje anna følgjer av avtalen mellom entreprenøren og den tidlegare avtaleparten. Føresegna her gjeld tilsvarande for vidare krav mellom tidlegare avtalepartar som følgjer av at forbrukaren har gjort gjeldande mangelskrav.

Forbrukere kan rette krav om mangler mot tidligere avtaleparter som har handlet i næringsvirksomhet. Dette gjelder i samme grad som entreprenøren selv kunne ha rettet krav mot disse partene. Reglene om reklamasjon gjelder også for disse forholdene.AI

Se ogsåBustadoppføringslova § 30referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 37 i bustadoppføringslova.

Les hele loven i sammenheng →