Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4-16. Krav mot tidlegare seljar og anna avtalepart

Avhendingslova·Kapittel 4. Kjøparens krav ved avtalebrot på seljarens side·Sist endret 1. januar 2022

Krav mot tidlegare seljar og anna avtalepart

(1) Kjøparen kan gjere krav på grunn av ein mangel gjeldande mot tidlegare seljar eller annan tidlegare avtalepart, i same grad som krav på grunn av mangelen kan gjerast gjeldande av seljaren. (2) Kjøparen må gi tidlegare seljar eller annan tidlegare avtalepart melding om kravet innan reklamasjonsfristen som gjeld for same kravet mot seljaren, og seinast innan fristen for reklamasjon som gjeld i forholdet mellom seljaren og dei tidlegare avtalepartane. (3) Ved forbrukarkjøp av nyoppført eigarbustad som ikkje har vore brukt som bustad i meir enn eitt år på avtaletida, gjeld bustadoppføringslova § 37 tilsvarande.

Kjøperen kan rette krav mot tidligere selgere eller avtaleparter dersom selgeren selv kunne ha gjort det. Kravet må meldes innenfor de gjeldende reklamasjonsfristene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 13 juni 1997 nr. 43 (ikr. 1 juli 1998), 7 juni 2019 nr. 20 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1864).

Se ogsåBustadoppføringslova § 37omtalt i 1 kilde

Sammenheng

Se også1
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 4-16 i avhendingslova.

Les hele loven i sammenheng →