Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4-17. Rettsmanglar m. m

Avhendingslova·Kapittel 4. Kjøparens krav ved avtalebrot på seljarens side·Sist endret 1. januar 2022

Rettsmanglar m. m

(1) Har ein tredjeperson eigedomsrett, panterett eller annan rett i eigedomen, gjeld føresegnene om manglar tilsvarande dersom det ikkje følgjer av avtala at kjøparen skal overta eigedomen med dei avgrensingane som følgjer av tredjepersonens rett. Kjøparens rett til å krevje retting etter § 4-10 og beløpsgrensa i § 3-1 fjerde ledd gjeld likevel ikkje. (2) Kjøparen kan likevel alltid krevje skadebot for tap som følgje av at eigedomen tilhøyrte ein annan enn seljaren då avtala vart inngått, og kjøparen var i aktsam god tru. (3) Gjer ein tredjeperson krav på å ha rett i eigedomen og dette vert motsagt frå seljaren, gjeld føresegnene i fyrste og andre ledd tilsvarande når kravet ikkje er klårt ugrunna.

Hvis en annen person har rettigheter i eiendommen som kjøperen ikke var klar over, regnes dette som en mangel. Kjøperen kan i visse tilfeller kreve erstatning hvis selgeren ikke eide eiendommen da avtalen ble inngått.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 7 juni 2019 nr. 20 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1864).

Se ogsåAvhendingslova § 4-10Avhendingslova § 3-1omtalt i 1 kilde

Sammenheng

Se også2
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 4-17 i avhendingslova.

Les hele loven i sammenheng →