1. Det særlege kontoret i kvar EØS-stat skal jamleg sende dei særlege kontora i dei andre EØS-statane og Det europeiske samordningskontoret som er nemnt i artikkel 18,
a) tilbod om ledige stillingar der det eventuelt kunne tilsetjast statsborgarar frå andre EØS-statar,
b) tilbod om ledige stillingar som er melde til tredjestatar,
c) søknader om arbeid frå personar som formelt har uttrykt ønske om å arbeide i ein annan EØS-stat,
d) opplysningar som er inndelte etter ulike geografiske område og næringar, om arbeidssøkjarar som har sagt seg villige til å ta arbeid i ein annan stat.
Det særlege kontoret i kvar EØS-stat skal snarast råd sende desse opplysningane over til dei arbeidskontora og – organa som det gjeld.
2. Dei opplysningane om arbeidsformidling som er nemnde i nr. 1, skal fordelast etter eit einsarta system som skal utarbeidast av Det europeiske samordningskontoret som er nemnt i artikkel 18, i samarbeid med Det faglege utvalet.
Dette systemet kan tilpassast dersom det er naudsynt.