Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ Art 15.

EØS-arbeidstakarlova·Kapittel II. Arbeidsformidling
1. Føresegnene i artikkel 14 skal gjennomførast av dei særlege kontora. I den grad det ligg føre fullmakt frå dei sentrale kontora, og i den grad organiseringa av arbeidskontora i ein EFTA-stat og framgangsmåten ved formidling gjer det mogleg, skal likevel a) dei regionale arbeidskontora i EFTA-statane i) drive direkte arbeidsformidling på grunnlag av dei oppgåvene som er nemnde i artikkel 13, med etterfølgjande høvelege tiltak, ii) innføre direkte samband med sikte på formidling -) av tilbod om ledige stillingar til ein namngjeven arbeidstakar, -) av individuelle søknader om arbeid som er retta til eit visst arbeidskontor eller til ein arbeidsgjevar som utøver verksemda si innanfor området til dette arbeidskontoret, -) når formidlingsverksemda gjeld sesongarbeidarar som må tilsetjast så snart som råd, b) dei rette arbeidskontora i grenseområda i to eller fleire EØS-statar jamleg utveksle opplysningar om arbeidsformidling innanfor området sitt, og drive arbeidsformidling direkte seg imellom på same måte som med dei andre arbeidskontora i sin eigen stat. Dersom det er naudsynt, skal dei kontora som har ansvaret for grenseområda, dessutan innføre samarbeids- og tenestestrukturar med sikte på å tilby -) brukarane flest mogleg praktiske opplysningar om dei ulike sidene ved fri rørsle, og -) partane i arbeidslivet, sosialtenester (særleg offentlege, private eller allmennyttige) og alle institusjonar som det gjeld, eit sett med samordna tiltak som gjeld fri rørsle, c) offisielle arbeidskontor som spesialiserer seg innanfor visse yrkes- eller persongrupper, samarbeide direkte med kvarandre. 2. Dei EFTA-statane som det gjeld, skal sende over til EFTAs faste komité ei liste som er utarbeidd ved felles avtale, over arbeidskontor slik det er nemnt i nr. 1, og EFTAs faste komité skal offentleggjere lista og alle endringar i denne i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende.

Les hele loven i sammenheng →