Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ Art 30.

EØS-arbeidstakarlova·Kapittel III. Organ som skal sikre eit nært samarbeid mellom medlemsstatane når det gjeld fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar
Det faglege utvalet skal særleg ha til oppgåve a) å fremje og betre samarbeidet mellom dei offentlege styresmaktene som det gjeld i medlemsstatane, i alle faglege spørsmål i samband med fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar, b) å utarbeide framgangsmåtar for organiseringa av den felles verksemda til dei offentlege styresmaktene som det gjeld, c) å lette innsamlinga av opplysningar som kan vere nyttige for Kommisjonen og for gjennomføringa av granskingar og forsking som er fastsett i denne forordninga, og å fremje utvekslinga av opplysningar og røynsler mellom dei administrative organa som det gjeld, d) å undersøkje på eit fagleg plan korleis dei kriteria som medlemsstatane nyttar for å vurdere situasjonen på arbeidsmarknaden, kan harmoniserast.

Les hele loven i sammenheng →