Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ Art 6.

EØS-arbeidstakarlova·Kapittel I. Sysselsetjing, likebehandling og familien til arbeidstakarane
1. Tilsetjing av ein statsborgar i éin EØS-stat i ein stilling i ein annan EØS-stat, skal ikkje på grunnlag av nasjonalitet vere avhengig av helsemessige, yrkesmessige eller andre krav som skil seg frå dei som vert nytta på statsborgarar i den andre EØS-staten som ønskjer å utøve den same verksemda. 2. Ein statsborgar som har fått eit personleg tilbod om arbeid frå ein arbeidsgjevar i ein annan EØS-stat enn den han er statsborgar i, kan måtte utføre ei prøve på faglege kvalifikasjonar dersom arbeidsgjevaren uttrykkeleg har bede om dette då han gav tilbodet.

Les hele loven i sammenheng →