Lov
Nynorsk
§ 17.
Er det i strid med føresegnene i denne lova ikkje skrive ut eigedomsskatt, eller er det skrive ut feil skatt, kan utskrivinga rettast i samsvar med dei skattesatsane og reglane som galdt for vedkomande år.
Når eigedomsskatt ikkje er skriven ut, eller er skriven ut med for låg sum av di taksten er feil, kan utskrivinga rettast berre så langt det følgjer av dei allmenne fristane i denne føresegna. Taksten kan likevel rettast for seinare skatteår utan omsyn til desse fristane.
Retten til å retta utskrivinga slik at det går ut over eigaren (skattytaren), er spilt om retten ikkje vert nytta innan 1. mars året etter utskrivinga. Har feilen samanheng med at eigaren har brote plikta til å gje opplysningar eller medverke til synfaring etter § 31, kan utskrivinga likevel rettast innan 3 år frå utgangen av skatteåret. Det same gjeld dersom det er skrive ut eigedomsskatt i strid med føresegnene i denne lova, eller det er skrive ut for høg skatt.
Når taksten byggjer på verdet som er satt ved fastsetjinga av formues- og inntektsskatt, skal utskrivinga rettast berre så langt fastsetjinga vert brigda etter skatteforvaltningsloven § 9-4, kapittel 12 eller kapittel 13. Fristane for retting etter skatteforvaltningsloven § 12-6 gjeld då tilsvarande for eigedomsskatten.
Hvis eiendomsskatten er feilberegnet eller ikke er skrevet ut, kan dette i visse tilfeller rettes i ettertid. Retten til å rette feil som rammer eieren bortfaller normalt etter en viss tid, men fristen er lengre dersom eieren har holdt tilbake opplysninger.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lover 13 juni 1980 nr. 25, 22 juni 2012 nr. 44 som endra med lov 7 des 2012 nr. 79 (f o m skatteåret 2013), 27 mai 2016 nr. 14 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 27 mai 2016 nr. 531).
Se ogsåEigedomsskattelova § 31Skatteforvaltningsloven § 9-4Skatteforvaltningsloven § 12-6 første leddomtalt i 2 kilder →referert av 1 →
Sammenheng
Se også3
Referert av1
Nevnt i2
Endringshistorikk1
Koblinger for § 17 i eigedomsskattelova.