Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 8 B-1. Skattegrunnlag for kraftanlegg

Eigedomsskattelova·Kapittel 3. 3. kapitlet. – Skattegrunnlaget.·Sist endret 1. januar 2019

Skattegrunnlag for kraftanlegg

(1) Eigedomsskatt for anlegg for produksjon av elektrisk kraft skal reknast ut etter verdet (taksten) som anlegget vert sett til ved fastsetjinga av formues- og inntektsskatt året før skatteåret. Driftsmiddel som er knytta til kraftproduksjonen og heilt eller delvis inngår i verdet etter første punktum, og uavhengig av om det er ein del av kraftanlegget etter skatteloven § 18-1, kan berre verdsetjast særskilt med den andel av driftsmiddelet som ikkje er knytt til kraftproduksjonen etter skatteloven § 18-5 fjerde leden. Dette gjeld likevel ikkje for driftsmiddel som ligg i ein annan kommune enn kraftanlegget. (2) Vert det med heimel i § 12, bokstav b nytta ulike skattøyrar for bygningar og grunn, skal det fastsetjast særskilde skattegrunnlag for bygningar og for grunn i samband med den fastsetjinga som er nemnt i første leden. (3) Er det klaga på verdsetjinga, eller er verdsetjinga under prøving for domstolane, skal eigedomsskatten likevel reknast ut etter det verdet som vart sett ved fastsetjinga av formues- og inntektsskatt. Når spørsmålet er endeleg avgjort, skal skatten rettast i samsvar med den siste avgjerda. (4) Verdet (taksten) av anlegg som nemnt i skatteloven § 18-5 første leden skal ikkje setjast lågare enn kr 0,95/kWh eller høgare enn kr 2,74/kWh av 1/7 av grunnlaget for anlegget si samla produksjon av elektrisk kraft for inntektsåret og dei seks foregåande åra. Har kraftanlegget vore i drift i færre enn sju år, vert gjennomsnittet for desse åra lagt til grunn for utrekninga.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 22 juni 2012 nr. 44 (f o m skatteåret 2013), endra med lover 27 mai 2016 nr. 14 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 27 mai 2016 nr. 531), 19 des 2017 nr. 118 (ikr. 1 jan 2019 med verknad frå skatteåret 2019).

Se ogsåSkatteloven § 18-1Skatteloven § 18-5 første leddEigedomsskattelova § 12

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 8 B-1 i eigedomsskattelova.

Les hele loven i sammenheng →