Lov
Nynorsk
§ 8 B-2. Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg sett i drift pr. 1. januar 2000
Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg sett i drift pr. 1. januar 2000
(1) Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt på eller over 1.000 kW sett i drift pr. 1. januar 1997, skal byggje på plasseringa pr. 1. januar 2000 av slike særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som nemnt i § 1-1 andre leden i forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmidler i kraftforetak og det fastsette gjenanskaffingsverdet (GAV) for slike driftsmiddel etter reglane i kapittel 2 i same forskrift. Kommunefordelinga av skattegrunnlaget skal skje i same høve som GAV for dei særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som ligg i den einskilde kommune, har til samla GAV for alle særskilte driftsmiddel i kraftanlegget. Fordelinga av GAV på dei særskilte driftsmiddel som ligg i kvar kommune, skal byggje på oppgåver frå Norges vassdrags- og energidirektorat og retningsliner fastsett av departementet. GAV for adkomstanlegg skal ikkje medreknast. GAV for reguleringsanlegg med tilhøyrande driftsmiddel skal fordelast mellom alle kraftanlegg som har kraftstasjonar med installert effekt på eller over 1.000 kW som ligg nedanfor reguleringsanlegget, i høve til registrerte energiekvivalenter registrert hos Norges vassdrags- og energidirektorat for desse kraftstasjonane pr. 1. januar 2000.
(2) Kostpris for investeringar i særskilte driftsmiddel i kraftanlegg som nemnt i første leden og som vart ført i skatterekneskapet første gong for inntektsåret 1997 eller seinare år, skal nyttast som grunnlag for korrigering av den kommunefordeling av skattegrunnlaget som vert fastsett etter første leden. Slik korrigering vert første gong gjennomført med verknad for eigedomsskatteåret 2005.
(3) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg med kraftstasjonar med installert effekt på eller over 1.000 kW sett i drift etter 1. januar 1997, med tilhøyrande særskilte driftsmiddel som ikkje vart omfatta av GAV fastsett pr. 1. januar 1997, vert gjenanskaffingsverdet for slike driftsmiddel pr. 1. januar 2000 fastsett av Norges vassdrags- og energidirektorat. Ved fastsetjing av gjenanskaffingsverdet for slike driftmiddel gjeld reglane i forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmidler i kraftforetak, tilsvarande. Reglane i første leden gjeld tilsvarande.
(4) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg med kraftstasjonar med installert effekt under 1.000 kW sett i drift pr. 1. januar 2000, gjeld reglane i § 8 B-3 første leden første og andre punktum tilsvarande.
(5) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg som nemnt i tredje og fjerde leden, gjeld korrigeringsregelen i andre leden tilsvarande for investeringar som vart ført i skatterekneskapet første gong for inntektsåret 2000 eller seinare år.
(6) Som GAV etter denne paragraf skal reknast dei verdiar som vart fastsett av NVE og rapportert i 1997 og i 2001 etter § 2-3 i forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmidler i kraftforetak, jf. § 2 nr. 2 i forskrift av 20. desember 2000 nr. 1343 om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg.
Noter (2)
- EndringFøyd til med lov 15 des 2000 nr. 89 (f o m eigedomsskatteåret 2001), endra med lover 15 juni 2001 nr. 46 (f o m eigedomsskatteåret 2001), 21 des 2001 nr. 104 (f o m eigedomsskatteåret 2001), 20 des 2002 nr. 95, 12 des 2003 nr. 103, 22 juni 2012 nr. 44 som endra med lov 7 des 2012 nr. 79 (f o m skatteåret 2013), tidlegare § 8A-1.
- Note 1Inkurie: Skal vel være forskrift 20. desember 2000 nr. 1393 .
Se ogsåForskrift om skattemessig inngangsverdi § 1-1 første leddForskrift om skattemessig inngangsverdi § 2-3Eigedomsskattelova § 2
Sammenheng
Se også3
Koblinger for § 8 B-2 i eigedomsskattelova.