Karaktersystem/evaluering
Evalueringsforma skal gå fram av studieplan og vere nedfelt i studiehandboka.
Ved avsluttande eksamen skal det normalt brukast bokstavkarakterar etter ein skala frå A til F der A er beste karakter.
Eksamen er bestått ved karakteren E eller betre. Kandidatar som ikkje oppnår E eller betre, får oppgitt karakteren «Ikkje bestått».
Karakterane «Godkjend/Ikkje godkjend» kan brukast i eit visst omfang som samla ikkje må overstige halvparten av dei eksamenane som vert avlagt i løpet av studiet. Karakteren «Bestått» vert gitt for prestasjonar som tilsvarer karakteren E eller betre.
Resultatet frå ein skriftleg eksamen vert kunngjort ved oppslag. Studentane er sjølv ansvarlege for å gjera seg kjent med sensuren.
Ved fastsetting av endeleg karakter på bakgrunn av fleire deleksamen, må alle deleksamen vere vurdert til bestått før endeleg karakter vert gitt. Det skal brukast gjennomgåande lik karakterskala på dei deleksamenar som inngår i berekninga. Regel for berekning skal vere opplyst i studieplan.
Denne regelen forklarer hvordan eksamener vurderes og hvilke karakterer som brukes. Den beskriver hva som skal til for å bestå, og hvordan resultater blir kunngjort.AI