Hopp til innhold
Forskrift

§ 9. Gjennomføring av eksamen

Gjennomføring av eksamen

Retningslinjer for eksamenskandidatar ved skriftleg skuleeksamen -) Kandidaten har ikkje tilgang til eksamenslokalet før eksamensinspektørane er på plass. -) Ved adgang til eksamenslokalet må vesker og yttertøy plasserast på tilvist stad. Det er kandidaten sitt eige ansvar å sørgje for å skaffe seg dei tillatne hjelpemiddel. Lån av hjelpemiddel frå andre kandidatar er ikkje tillatt. Det er ikkje tillatt å bruke mobiltelefon eller andre kommunikasjonsmedium under eksamen og heller ikkje bringe desse med til tilvist plass. -) Kandidaten skal vise studentlegitimasjon eller annan gyldig legitimasjon med foto og signere kandidatliste, samtidig som kandidatnummer blir tildelt. -) Kandidaten må være på plass i eksamenslokalet seinast 15 minutt før eksamen startar. For seint frammøte kan føre til at kandidaten ikkje får gjennomføre eksamen. Kandidatar som møter etter at utdeling av eksamensoppgåver er begynt, skal avvisast. Dersom grunnen til forseinkinga er forhold kandidaten sjølv ikkje har kontroll over, skal vedkomande få tilgang til eksamenslokalet inntil 30 minuttar etter at eksamen er begynt på vilkår av at ingen har forlata eksamenslokalet. -) Dersom sjukdom hindrar studenten i å møte til eksamen, må sjukemelding som omfattar eksamensdagen føreligge frå lege. Dersom det ikkje er mogleg å legge fram sjukemeldinga på eksamensdagen, må den leverast/poststemplast seinast ei veke etter eksamensdagen. -) Etter at kandidaten er på plass i eksamenslokalet, kan han ikkje forlate dette uten løyve frå inspektør. -) Kandidaten har den oppgitte eksamenstid til disposisjon. Det er ikkje tillegg i tid for å avslutte arbeidet. Kandidatar som arbeider etter at den disponible tida er ute, vil bli rapportert til sensorane. -) Eksamenssvaret skal førast på eigne innføringsark. Kandidaten har sjølv ansvar for å føre sitt kandidatnummer på alle innføringsark. Dersom eksamenspapir med gjennomslag vert nytta, har kandidaten ansvar for å skilje kopiane frå originalen. Kulepenn skal brukast på slikt eksamenspapir. -) Kandidatar som vel å avbryte eksamen utan å levere svaret, skal skrive namnet sitt på ei særskilt liste (trekkliste) hos hovudinspektør og levere tilbake oppgåva og alt utlevert materiale. For kandidatar som leverer blankt eller har ein irrelevant tekst i forhold til oppgåveteksten, blir oppgåvesvaret behandla som trekk. Kandidaten blir registrert som trekt under eksamen, og har då brukt eit eksamensforsøk. -) Ein kandidat som blir sjuk under eksamen, må velje om han vil trekke seg eller levere svaret til sensur. Vel kandidaten å trekke seg, skal trekklista signerast. Sjukemelding, levert/poststempla innan ei veke etter eksamensdagen, må leggjast fram for å gje gyldig fråvær. -) Det er ikkje tillatt med nokon form for kommunikasjon mellom kandidatane under eksamen. Dersom kandidaten har spørsmål, skjer dette til ein av eksamensinspektørane. -) Kandidaten har bare høve til å forlate eksamenslokalet i følgje med ein inspektør. Kandidaten skal ikkje forlate lokalet de første 30 minuttane etter at eksamen er begynt. -) Kandidaten blir sitjande på sin plass til svaret er levert og kontrollert. Innleverte svar kan ikkje leverast tilbake uansett kva grunn som vert gitt. Eksamenskommisjonen avgjør om kladd unntaksvis kan godtas som svar. -) Etter innlevering må kandidaten forlate eksamenslokalet. Retningslinjer for eksamenskandidatar ved heimeeksamen, prosjektoppgåver og mappeoppgåver -) Svaret skal være innlevert eksamensansvarleg innan det tidspunkt som er bestemt. Kandidatar som bur meir enn 10 mil frå avdelinga, kan postleggje svaret. Det må då føreligge dokumentasjon frå postverket på at den er postlagt innan innleveringsfristen. -) Svaret skal sendast/leverast i det tal eksemplar som vert krævt. Kandidaten må sjølv sørgje for å ha ein kopi. -) Ved heimeeksamen skal ikkje svaret påførast namn, men kandidatnummer som er utdelt før eller ved utleveringa av oppgåva. -) Prosjektoppgåver skal leverast med namn på kandidaten(e). -) Kandidatar har ikkje krav på å få returnert ev. vedlegg til sine svar. -) Etter avtale kan oppgåver leverast elektronisk. Retningslinjer for bruk av PC ved skoleeksamen -) Ansvarleg ved høgskulen må kontrollere at bare nødvendig programvare ligg på harddisk/er tilgjengeleg på diskett. -) Kandidaten får utlevert tom diskett som skal brukast ved svaret. -) Høgskulen er ikkje ansvarleg for tap av tekst/data som følgje av straumbrot eller feil ved maskinen. Kandidaten må sjølv sørgje for å ta nødvendige tryggingskopiar undervegs. -) Svaret skal leverast i utskrift påført kandidatnummer saman med utlevert diskett. Retningslinjer for sensorar -) Når forslag til eksamensoppgåve føreligg, har sensorane høve til å uttale seg om den før eksamen vert avvikla. -) Sensor har ansvar for at eksamenssvara/eksamensprestasjonane vert sensurerte, og at signerte karakterlister vert levert eksamensansvarleg innan fastsett frist. -) Sensor som tek på seg sensoroppdrag, tek samtidig på seg å være sensor til eventuell ny/utsett eksamen i same fag/kurs. -) Sensor plikter å gjere seg kjent med gjeldande studieplan og pensum, samt eventuell sensorvegleding for faget/emnet. -) Originalsvaret vert sendt til intern sensor, mens ekstern sensor får ein kopi. Kopien må behaldast til fristen for grunngjeving er ute, og så makulerast. Originalsvaret skal returnerast til eksamensansvarleg ved høgskulen. -) Grunn for karakterfastsetting vert gitt av ein av sensorane etter avtale. Retningslinjer for ansvarleg(e) faglærar(ar) Med ansvarleg(e) faglærar(ar) meiner vi i denne samanheng den eller dei faglærarar som har hovudansvaret for eit enkelt fag/kurs/emne. Ansvarleg faglærar har ansvar for at forslag til eksamensoppgåve blir utarbeida innan den frist som eksamensansvarleg ved høgskulen har fastsett, samt at informasjon om tillatne hjelpemiddel går fram av eksamensoppgåva. Ansvarleg faglærar har også ansvar for at sensorane vert orienterte om gjeldande studieplan og pensum, og at sensorane får høve til å uttale seg om eksamensoppgåva. Ansvarleg faglærar skal være tilgjengeleg under hele eksamen. I løpet av den første timen av eksamen kan ansvarleg faglærar komme inn i eksamenslokalet for ein oppklaringsrunde. Ansvarleg faglærar må være varsam med å gje tilleggsopplysningar under eksamen. Opplysningar som blir gitt og som kan ha betydning for eksamensresultatet, skal meddelast alle eksamenskandidatar. Dersom det ikkje er mogleg for ansvarleg faglærar å være tilgjengeleg under eksamen, må vedkomande sørgje for vikar. Informasjon om dette vert gitt til eksamensansvarleg ved høgskulen. Retningslinjer for eksamensinspektørar -) Eksamensinspektørane plikter å gjere seg kjent med gjeldande retningslinjer for eksamen. -) Det skal være ein hovudansvarleg inspektør, heretter kalla hovudinspektør, i kvart eksamenslokale. -) Eksamensinspektørane møter normalt i eksamenslokalet seinast 30 minutt før eksamen startar. Eventuelt bytte av eksamenslokale mellom inspektørar må avklarast med eksamensansvarleg. -) Inspektørane skal være på plass i eksamenslokalet før kandidatane får tilgang. -) Hovudinspektøren har ansvar for ro og orden i eksamenslokalet. Hovudinspektøren viser dei andre inspektørane plass i eksamenslokalet, og kontrollerer at eksamenskandidatane er plassert i god avstand frå kvarandre. -) Inspektørane kontrollerer at kandidatane har studentlegitimasjon, eventuelt annen gyldig legitimasjon med foto, og sørgjer for at dei signerer kandidatlista. -) Inspektørane har ansvar for at kandidatane ikkje har andre hjelpemiddel til disposisjon enn det som er bestemt. Kandidatane kan ikkje låne hjelpemiddel av kvarandre. Vesker og yttertøy etc. kan plasserast på tilvist stad før eksamen startar. Kandidatane kan ikkje gjere nytte av mobiltelefon eller andre kommunikasjonsmedier under eksamen, og kan heller ikkje bringe desse med til tilvist plass. Hovudinspektør er ansvarleg for at de rutiner for kontroll av hjelpemiddel som er fastsett, vert følgt. Dersom det under eksamen oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, er det hovudinspektøren sitt ansvar å gjere kandidaten merksam på at vedkommande vil bli rapportert. Spørsmål frå kandidatar som gjelder eksamensoppgåva skal formidlast til faglærar. -) Kladdeark og innføringsark vert utdelt samtidig med oppgåva. Det er ikkje tillata å bruke anna papir enn det utdelte. -) Eksamenskandidatar som møter etter at oppgåva er delt ut, kan få tilgang til eksamen dersom det ikkje har gått meir enn 30 minutt og forsinkelsen skuldast forhold kandidaten sjølv ikkje har kontroll over tidspunktet for frammøte skal då noterast. Sjå elles § 9 pkt. a, nr. 4. -) Lesing og anna aktivitet som ikkje vedrører vakttenesta skal ikkje finne stad. Inspektørane må halde seg i ro i lokalet, unngå å lage støy og unngå unødvendig samtale med kvarandre. Inspektørane skal sørgje for lufting i eksamenslokalet. Til vanleg skal det være to inspektørar til stades i lokalet. -) Det er ikkje tillata å gå ut med fleire enn to kandidatar om gangen. Inspektøren skal heile tida ha kontroll med kandidatane. -) Ein av inspektørane seier ifrå når det er ein time og når det er 15 minuttar igjen av disponibel tid. Når det er 15 minuttar igjen, vert det gitt melding om at kandidatane har 15 minuttar til å avslutte eksamen inklusive nummerering og sortering av ark og påføring av kandidatnummer. Det vert ikkje gitt tillegg i tid for å avslutte arbeidet. Dersom kandidatar arbeider etter at eksamenstida er ute, skal inspektøren notere dette på svaret. -) Ved innlevering av eksamenssvaret vert kandidaten sitjande på plassen sin til alle papir er leverte. Inspektøren kontrollerer at -) svaret inneheld det rette tal ark. -) kvart ark er nummerert og påført rett kandidatnummer. Kandidaten skal deretter forlate eksamenslokalet. -) Hovudinspektøren skal sjå til at kandidaten signerer på liste dersom kandidaten avbryter eksamen utan å levere oppgåvesvaret. -) Innleverte svar skal ikkje leverast tilbake til kandidaten uansett grunn. -) Når eksamenstida er ute, bringer hovudinspektøren straks alle svara, sortert etter fag og stigande kandidatnummer, samt anna materiale til eksamensansvarleg. -) Ein kandidat som blir sjuk under eksamen, må velje om vedkommande vil trekke seg frå eksamen eller levere svaret til sensur. Vel kandidaten å trekke seg, vert trekklista signert, og inspektøren minner om at sjukemelding må leverast. Dersom assistanse er nødvendig i samband med sjukdom, skal eksamensansvarleg kontaktast. -) Inspektørane har taushetsplikt etter forvaltningsloven om det som føregår i samband med eksamen.

Les hele forskriften i sammenheng →