Ny eksamen (kontinuasjon)
Det skal normalt arrangerast ny eksamen (kontinuasjon) for dei studentane som strauk ved ordinær eksamen.
Styret avgjer kva eksamenar som skal arrangerast.
Normalt skal slik eksamen arrangerast innan utløpet av neste semester.
Dersom det i gjeldande studieplan vert kravd at aktuell eksamen er bestått før vidare studium vert påbegynt, kan det arrangerast ekstraordinær eksamen før eller i samband med oppstart av påfylgjande studium. Studentar kan krevje slik eksamen seinast 7 dagar etter at sensuren er gjort kjent.
Dersom ein student vil gå opp til eksamen, gjeld det pensum og den eksamensform som er fastsett for denne eksamen.
Studentar som stryk til ordinær eksamen blir automatisk oppmeldt til kontinuasjonseksamen. Og må betala ein fastsett kontinuasjons-/eksamensavgift. Sjå elles § 4 pkt. b om betaling.
Dersom det arrangerast ny eksamen har også studentar som ynskjer å forbetre karakteren tilgang til eksamen. Studentar som ynskjer å forbetre karakteren må melde seg opp til eksamen skriftleg og innan fristar som høgskulen fastsett. Kontinuasjons-/eksamensavgift må betalast.
Dersom ein kandidat har bestått eksamen, meir enn éin gang, er det den siste karakter som gjeld.
Studenter som stryker til ordinær eksamen får normalt tilbud om ny eksamen. De som ønsker å forbedre en karakter kan også delta hvis det arrangeres ny eksamen. Den siste karakteren man får er den som gjelder.AI
Noter (1)
- Note 1Studenten må betala den kontinuasjons-/eksamensavgifta som skulen har vedtatt og som er gjeldande for det studieåret studenten tar eksamen.
Sammenheng
Koblinger for § 13 i eksamensreglement-for-hlb.