Hopp til innhold
Forskrift

§ 4. Oppmelding til eksamen

Oppmelding til eksamen

Eksamensplan For ordinær eksamen skal eksamensplan (eksamensdatoar) gjerast kjent ved oppstart av kvart semester. (Med atterhald om endringar.) For utsett/ny eksamen skal tidspunktet vera kunngjort seinast 2 veker før tidspunkt for eksamen eller innlevering av oppgåve. Oppmelding Studentane vert automatisk oppmeldt til ordinære eksamen. Det gjeld også ny eksamen ved stryk for det tal gonger som reglementet seier. For å bli oppmeldt til eksamen må ein vere registret som student og ha betalt semesteravgift/studieavgift og ev. eksamensavgifta (ved konte-/utsatt eksamen). Studenter som har unnlatt å betale semesteravgift og ev. eksamensavgift får automatisk stryk/ikkje møtt på eksamen. Seinast 3 veker før ordinær eksamensperiode startar, vert det lagt ut lister over kva eksamen den enkelte student er meldt opp til. Studenten har ansvaret for å halde seg orientert om når det avholdast eksamen samt å kontrollera at oppmelding til eksamen i rett fag, emne, kurs er i orden. Eksamenstilgang er styrt av reglar fastsett av styret. Studieplan eller studiekatalog skal innehalde slike reglar. Studieleiar kan i særskilde høve gje dispensasjon frå krav om oppmelding innan fastsette fristar. Å trekke seg frå eksamen Ein kandidat som har meldt seg opp til eksamen, har høve til å trekke seg. Det skal gjerast skriftleg på eigne skjema og seinast 14 dagar før eksamensdagen. Den som trekker seg før fastsett frist, kan ikkje krevje å få gå opp igjen før ved neste ordinære eksamen, men vert det arrangert konte-/ny eksamen kan studenten melde seg opp til denne. Studentar som trekker seg dei to siste vekene før eksamen/ikkje møter til eksamen, og som ikkje har gyldig grunn til det, vert registret som «ikkje møtt». Med gyldig grunn er meint grunn som gjev rett til utsett eksamen. Det vert rekna som eksamensforsøk dersom ein student vert registrert som «ikkje møtt».

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 4 i eksamensreglement-for-hlb.

Les hele forskriften i sammenheng →