Særordningar ved eksamen
Søknad om særsordning i samband med eksamen skal vere inne innan tre veker før eksamensdato. Søknaden skal stilast til høgskulen v/studiesekretær.
Kandidatar med dokumenterte lese- og/eller skrivevanskar, funksjonshemming, graviditet med spesielle behov for kvile, mødre som ammer m.m. kan få særordning. Kandidatar med norsk som framandspråk kan få utvida tid etter søknad. Særordningar kan vere spesielle fysiske tilretteleggingar, hjelpemiddel (PC og/eller ordbok) og utvida tid. Ved godkjent bruk av ordbok skal ordboka leverast inn dagen før eksamen. Kandidaten får ordboka levert ut igjen til eksamensstart. Det skal presiserast i søknad frå studenten hvilken ordbok det er behov for. I eit ev. vedtak skal det presiserast hvilken ordbok som er godkjent som hjelpemiddel til eksamen. For eksempel engelsk/norsk/norsk/engelsk ordbok. Det er ikkje lov å nytta andre ordbøker enn den som er godkjent.
Normalt vil kandidatar som får godkjent ekstra tid få inntil:
-) 30 min. for eksamen inntil 4 timar
-) 45 min. for eksamen inntil 6 timar.
I andre heilt spesielle høve kan studiesekretær/styret gje tid utover normal tid etter søknad og innstilling frå faglærar.
Studenter med dokumenterte vansker, funksjonsnedsettelser eller spesielle behov kan søke om særordninger til eksamen. Dette kan innebære utvidet tid, hjelpemidler eller fysisk tilrettelegging.AI