Klage på formelle feil
Klage på formelle feil må setjast fram seinast 3 veker etter at studenten er gjort kjent med, eller burde vore kjent med, dei forhold som ligg til grunn for klagen. Klagenemnda skal behandla klagen.
Klagenemnda skal ha 5 medlemmer med personlege varamedlemmer. To av medlemane skal vere studentar. Leiar og vara for leiar skal fylle dei lovbestemte krav til dommar og ikkje vere tilsett ved høgskulen. Styremedlemmer til høgskulen kan ikkje sitje i klagenemnda.
Styret for høgskulen oppnemnar klagenemnda.
Klage på formelle feil skal stilast til høgskulen og leverast eller sendast til fellesadministrasjonen.
Dersom høgskulen finn at det er gjort feil som kan ha hatt betydning for kandidaten sine prestasjonar, skal sensurvedtaket opphevast. Dersom feilen kan rettast opp ved ny sensur av innleverte arbeider, vert det ny sensur. I motsett fall vert det ny eksamen eller prøve med ny sensor. Nye sensorar skal oppnemnast av styret. Finn høgskulen at ein formell feil også omfattar dei andre kandidatane i faget/emnet, kan høgskulen bestemme at det skal arrangerast ny eksamen og ny sensur for alle kandidatane.
I saker der høgskulen ikkje finn at det er begått feil som medfører ny sensur eller ny eksamen, skal klagen leggjast fram for klagenemnda. Finn klagenemnda at det er gjort formelle feil, og det er rimeleg å anta at dette kan ha hatt betydning for prestasjonane for ein eller fleire kandidatar, kan det bestemmast at det skal haldast ny eksamen eller prøve.
Dersom den endelege eksamen vert fastsett på grunnlag av fleire delkarakterar, er klagefristen for delkarakterane den same som for avsluttande eksamen. Kandidaten skal levera ein samla skriftleg klage for den/dei delkarakterane som vert klaga på innan same emne/kurs. Jf. lov om universitet og høgskuler § 5-2.
Denne regelen beskriver hvordan man klager på formelle feil ved eksamen. Hvis feilen har påvirket resultatet, kan det bli ny sensur eller ny eksamen. Klagen behandles av høyskolen og en egen klagenemnd.AI