Fiske i statsallmenning kan berre drivast mot løysing av fiskekort og betaling av avgift. Avgifta, som vert fastsett av fjellstyret, må godkjennast av departementet. For dei som siste året har vore og framleis er fast busette i Norge, skal det vere lik avgift for fiske etter § 28 første stykket. Elles kan avgifta setjast ulik for dei som får løyve til fiske etter § 28 andre stykket, første punktum, eller andre stykket andre punktum, og etter tredje stykket. Den kan og setjast ulik for fiske med krok utan fastståande reiskap, for fiske med oter og for fiske med fastståande reiskap. Barn under 16 år treng ikkje å løyse fiskekort eller betala avgift for fiske med krok utan fastståande reiskap.
Innehavaren skal ha fiskekort med seg under fisket, og når han oppheld seg på eller ferdast til eller frå fiskeplassane med fiskereiskap. Han pliktar å vise det fram når dette vert kravt av fiskeoppsynet, politiet eller nokon frå fjellstyret.
Kongen fastset nærare forskrifter om fiskekort og om kontroll med utøving av fisket.
Det er krav om fiskekort og betaling av avgift for å fiske i statsallmenning. Barn under 16 år slipper dette ved fiske med krok utan fastståande reiskap. Fiskekortet må medbringast og visast fram ved kontroll.AI
Se ogsåFjellova § 28referert av 1 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter3
Se også1
Referert av1
Koblinger for § 29 i fjellova.