Ligg ein statsallmenning i fleire kommunar, slik at det for same allmenningen skal veljast to eller fleire fjellstyre etter § 3, kan Kongen ta avgjerd om at det skal vere eit felles fjellstyre for allmenningen, anten i staden for eller i tillegg til særskilde fjellstyre som nemnt i § 3. Medlemene med personlege varamedlemer vert valde av kommunestyra i dei kommunane det gjeld.
Før Kongen tek avgjerd etter første stykket, skal fjellstyra og kommunestyra i dei kommunane det gjeld gjevast høve til å uttale seg. I avgjerda skal det fastsetjast kor mange medlemer frå kvar kommune det skal vere i fellesstyret, og korleis det skal ordnast med val av leiar og nestleiar.
Fjellstyre etter paragrafen her kan ha fem eller sju medlemer. Vert det valt meir enn fem, skal minst fire av medlemene og varamedlemene ha rett til allmenningsbruk i allmenningen som jordbrukarar.
Kongen kan i visse høve gjere unntak når det gjeld talet på medlemer i fellesstyret etter tredje stykket i paragrafen her. Elles gjeld § 3 tilsvarande.
Hvis en statsallmenning ligger i flere kommuner, kan Kongen bestemme at det skal være et felles fjellstyre. Medlemmene velges av kommunestyrene i de aktuelle kommunene.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 5 juni 1987 nr. 25.
Se ogsåFjellova § 3referert av 1 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Se også1
Referert av1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 5 i fjellova.