Marknadsovervaking og kontroll med bruken av EU-miljømerket
1. All falsk eller villeiande reklame eller bruk av eit merke eller ein logo som kan forvekslast EU-miljømerket, er forboden.
2. Når det gjeld produkt som har fått tildelt EU-miljømerket, skal det rette organet jamleg kontrollere at produktet oppfyller kriteria for tildeling av EU-miljømerke og dei krava til vurdering som er offentleggjorde i medhald av artikkel 8. Dersom det er naudsynt, skal det rette organet òg gjennomføre slike kontrollar etter klager. Desse kontrollane kan gjennomførast som stikkprøvekontrollar.
Det rette organet som har tildelt EU-miljømerket til produktet, skal gje brukaren av EU-miljømerket melding om alle klager i samband med produktet som ber EU-miljømerket, og kan be brukaren om å svare på desse klagene. Det rette organet har rett til å halde identiteten til klagaren løynd for brukaren.
3. Brukaren av EU-miljømerket skal tillate at det rette organet som har tildelt EU-miljømerket til produktet, gjennomfører alle dei granskingar som er naudsynte for å overvake at produktet heile tida oppfyller produktgruppekriteria og føresegnene i artikkel 9.
4. Brukaren av EU-miljømerket skal, på oppmoding frå det rette organet som har tildelt EU-miljømerket til produktet, gje tilgang til lokala der det aktuelle produktet vert framstilt.
Oppmodinga kan gjerast når som helst og utan varsel på førehand.
5. Dersom eit rett organ, etter å ha gjeve brukaren av EU-miljømerket høve til å sende inn kommentarar, finn at eit produkt som ber EU-miljømerket, ikkje oppfyller dei relevante produktgruppekriteria, eller at EU-miljømerket ikkje vert nytta i samsvar med artikkel 9, skal organet anten forby bruken av EU-miljømerket på dette produktet, eller, dersom EU-miljømerket er tildelt av eit anna rett organ, melde frå til dette organet. Brukaren av EU-miljømerket har ingen rett til refusjon av dei gebyra som er nemnde i artikkel 9 nr. 4, verken heilt eller delvis.
Det rette organet skal straks melde frå til alle dei andre rette organa og til Kommisjonen om dette forbodet.
6. Det rette organet som har tildelt EU-miljømerket til produktet, skal ikkje gje vidare eller nytte til andre føremål enn dei som er knytte til bruken av EU-miljømerket, opplysningar som det har fått kjennskap til i samband med vurderinga av at ein brukar av EU-miljømerket etterlever dei reglane for bruk av EU-miljømerket som er fastsette i artikkel 9.
Det rette organet skal gjere alle rimelege tiltak for å sikre at dei dokumenta som vert overlatne til organet, vert verna mot forfalsking og misbruk.