Hopp til innhold
Lov

§ Art 9. Tildeling av EU-miljømerket og vilkår for bruken av merket

Tildeling av EU-miljømerket og vilkår for bruken av merket

1. Alle driftsansvarlege som ønskjer å nytte EU-miljømerket, skal sende inn søknad om dette til dei rette organa som er nemnde i artikkel 4, i samsvar med følgjande reglar: a) dersom eit produkt har opphavet sitt i éin einskild medlemsstat, skal søknaden sendast til eit rett organ i denne medlemsstaten, b) dersom eit produkt har opphavet sitt i den same forma i fleire medlemsstatar, kan søknaden sendast til eit rett organ i ein av desse medlemsstatane, c) dersom eit produkt har opphavet sitt utanfor Fellesskapet, skal søknaden sendast til eit rett organ i ein av dei medlemsstatane der produktet skal marknadsførast eller vert marknadsført. 2. EU-miljømerket skal ha den forma som er vist i vedlegg II. EU-miljømerket kan nyttast berre i samband med produkt som oppfyller dei kriteria for tildeling av EU-miljømerke som skal nyttast på dei aktuelle produkta, og som har fått tildelt EU-miljømerket. 3. Søknadene skal innehalde fullstendige kontaktopplysningar for den driftsansvarlege, og opplysningar om den aktuelle produktgruppa, og skal innehalde ein fullstendig omtale av produktet, saman med alle andre opplysningar som det rette organet har bede om. Søknadene skal innehalde all relevant dokumentasjon, slik det er gjort greie for i det relevante tiltaket frå Kommisjonen om fastsetjing av kriteria for tildeling av EU-miljømerke til den aktuelle produktgruppa. 4. Det rette organet som tek imot ein søknad, skal krevje inn gebyr i samsvar med vedlegg III. EU-miljømerket kan nyttast berre dersom gebyra er vortne betalte til rett tid. 5. Det rette organet som det gjeld, skal innan to månader etter å ha motteke ein søknad, kontrollere om dokumentasjonen er fullstendig, og skal melde frå til den driftsansvarlege om dette. Det rette organet kan avslå søknaden dersom den driftsansvarlege ikkje har innlevert fullstendig dokumentasjon innan seks månader etter at ei slik melding er gjeven. Dersom dokumentasjonen er fullstendig, og det rette organet har kontrollert at produktet oppfyller kriteria for tildeling av EU-miljømerke og krava til vurdering som er offentleggjorde i samsvar med artikkel 8, skal det rette organet tildele produktet eit registreringsnummer. Driftsansvarlege skal dekkje kostnadene til prøving og vurdering av samsvar med kriteria for tildeling av EU-miljømerke. Driftsansvarlege kan påleggjast å dekkje reise- og opphaldsutgifter dersom det er naudsynt med ein kontroll på staden utanfor den medlemsstaten der det rette organet høyrer heime. 6. Dersom kriteria for tildeling av EU-miljømerke krev at produksjonsanlegga skal oppfylle visse krav, må desse krava oppfyllast i alle produksjonsanlegga der produktet som ber EU-miljømerket, vert framstilt. Det rette organet kan eventuelt utføre kontrollar på staden eller gje ein representant fullmakt til å gjere dette. 7. Dei rette organa skal helst godkjenne prøvingar som er akkrediterte i samsvar med ISO 17025, og kontrollar som er utførte av organ som er akkrediterte i medhald av EN 45011 eller ein tilsvarande internasjonal standard. Dei rette organa skal samarbeide for å sikre ei effektiv og samordna gjennomføring av framgangsmåtane for vurdering og kontroll, særleg gjennom den arbeidsgruppa som er nemnd i artikkel 13. 8. Det rette organet skal inngå ei avtale med kvar einskild driftsansvarleg som omfattar vilkåra for bruk av EU-miljømerket (medrekna føresegner om godkjenning eller tilbakekalling av EU-miljømerket, særleg som følgje av revisjon av kriteria). For dette føremålet skal det nyttast ei standardavtale i samsvar med malen i vedlegg IV. 9. Den driftsansvarlege kan ikkje setje EU-miljømerket på produktet før avtala er gjord. Den driftsansvarlege skal òg setje registreringsnummeret på produktet som er påført EU-miljømerket. 10. Det rette organet som har tildelt EU-miljømerket til eit produkt, skal melde frå til Kommisjonen om dette. Kommisjonen skal opprette eit felles register og ajourføre dette jamleg. Dette registeret skal vere offentleg tilgjengeleg på ei nettside som er oppretta for EU-miljømerket. 11. EU-miljømerket kan nyttast på dei produkta som er tildelte merket, og på tilhøyrande reklamemateriale. 12. Tildelinga av EU-miljømerket skal ikkje røre ved miljøkrav eller andre krav som i samsvar med fellesskapsretten eller nasjonal lovgjeving skal nyttast på dei ulike stadia i levetida til produktet. 13. Retten til å nytte EU-miljømerket skal ikkje omfatte bruk av EU-miljømerket som del av eit varemerke.

Les hele loven i sammenheng →