Hopp til innhold
Lov

§ Art 8. Fastsetjing av kriterium for tildeling av EU-miljømerke

Fastsetjing av kriterium for tildeling av EU-miljømerke

1. Utkast til kriterium for tildeling av EU-miljømerke skal utarbeidast i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i vedlegg I, samstundes som det vert teke omsyn til arbeidsplanen. 2. Kommisjonen skal seinast ni månader etter at han har rådført seg med EUEB, vedta tiltak for å fastsetje særlege kriterium for tildeling av EU-miljømerke for kvar produktgruppe. Desse tiltaka skal offentleggjerast i Tidend for Den europeiske unionen. I det endelege framlegget sitt skal Kommisjonen ta omsyn til kommentarane frå EUEB, og skal tydeleg framheve, dokumentere og grunngje eventuelle endringar av det endelege framlegget, jamført med framlegget til utkast til kriterium etter at EUEB er rådspurt. Dei tiltaka som er utarbeidde for å endre ikkje-grunnleggjande føresegner i denne forordninga ved å utfylle henne, skal vedtakast i samsvar med framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er nemnd i artikkel 16 nr. 2. 3. I dei tiltaka som er nemnde i nr. 2, skal Kommisjonen a) fastsetje krav til vurdering av samsvar mellom spesifikke produkt og kriteria for tildeling av EU-miljømerke (heretter kalla «krav til vurdering»), b) for kvar produktgruppe opplyse om tre viktige miljøeigenskapar som kan førast opp på det valfrie merket med tekstfelt som det er gjort greie for i vedlegg II, c) for kvar produktgruppe opplyse om kor lenge kriteria og krava til vurdering er gyldige, d) opplyse om den produktvariasjonen som er tillaten i det tidsrommet som kriteria skal gjelde for, og som er nemnd i bokstav c). 4. Ved fastsetjinga av kriteria for tildeling av EU-miljømerke skal det leggjast vekt på å innføre tiltak som vil kunne gjennomførast utan at små og mellomstore føretak vert pålagde urimeleg store administrative og økonomiske byrder.

Les hele loven i sammenheng →