Hopp til innhold
Lov

§ Art 7. Utarbeiding og revisjon av kriteria for tildeling av EU-miljømerke

Utarbeiding og revisjon av kriteria for tildeling av EU-miljømerke

1. Etter samråd med EUEB kan Kommisjonen, medlemsstatane, rette organ og andre aktørar ta initiativ til og leie utarbeidinga eller revisjonen av kriteria for tildeling av EU-miljømerke. Der slike andre aktørar får som oppgåve å leie utarbeidinga av kriteria, må dei dokumentere at dei har sakkunnskap på produktområdet og evne til å leie prosessen på ein upartisk måte og i samsvar med måla for denne forordninga. I samband med dette skal konsortium som er samansette av fleire enn éi interessegruppe, ha førerang. Den parten som tek initiativ til og leier utarbeidinga eller revisjonen av kriteria for tildeling av EU-miljømerke, skal, etter den framgangsmåten som er fastsett i del A i vedlegg I, leggje fram dei følgjande dokumenta: a) ein førebels rapport, b) eit framlegg til utkast til kriterium, c) ein teknisk rapport til støtte for framlegget til utkast til kriterium, d) ein sluttrapport, e) ei handbok for moglege brukarar av EU-miljømerket og rette organ, f) ei handbok for styresmakter som tildeler offentlege kontraktar. Desse dokumenta skal sendast over til Kommisjonen og til EUEB. 2. Dersom det alt er vorte utarbeidd kriterium i medhald av ei anna ordning for miljømerking som oppfyller krava til miljømerke i EN ISO 14024 type I, for ei produktgruppe som det ikkje er innført kriterium for tildeling av EU-miljømerke for, kan alle medlemsstatane der den andre ordninga for miljømerking er godkjend, etter samråd med Kommisjonen og EUEB gjere framlegg om at desse kriteria skal utarbeidast innanfor ramma av ordninga for tildeling av EU-miljømerke. I slike tilfelle kan den kortare framgangsmåten for utarbeiding av kriterium som er fastsett i del B i vedlegg I, nyttast, på det vilkåret at dei framlagde kriteria er vortne utarbeidde i samsvar med del A i vedlegg I. Anten Kommisjonen eller den medlemsstaten som i samsvar med nr. 1 har gjort framlegg om den kortare framgangsmåten for utarbeiding av kriterium, skal leie denne framgangsmåten. 3. Dersom det er naudsynt med ein ikkje-vesentleg revisjon av kriteria, kan den kortare framgangsmåten for utarbeiding av kriterium som er fastsett i del C i vedlegg I, nyttast. 4. EUEB og Kommisjonen skal innan 19. februar 2011 verte samde om ein arbeidsplan som omfattar ein strategi og ei ikkje-uttømmande liste over produktgrupper. I denne planen skal det takast omsyn til andre fellesskapstiltak (t.d. på området miljøvenlege offentlege innkjøp), og planen kan ajourførast i samsvar med dei nyaste strategiske måla til Fellesskapet på miljøområdet. Denne planen skal ajourførast jamleg.

Les hele loven i sammenheng →