Hopp til innhold
Lov

§ Art 6. Allmenne krav til kriteria for tildeling av EU-miljømerke

Allmenne krav til kriteria for tildeling av EU-miljømerke

1. Kriteria for tildeling av EU-miljømerke skal byggje på miljøprestasjonen til produkta, samstundes som det vert teke omsyn til dei nyaste strategiske måla til Fellesskapet på miljøområdet. 2. Ved innføring av kriteria for tildeling av EU-miljømerke skal det fastsetjast kva miljøkrav som eit produkt må oppfylle for å kunne bere EU-miljømerket. 3. Kriteria for tildeling av EU-miljømerke skal fastsetjast på eit vitskapleg grunnlag, samstundes som det vert teke omsyn til heile livssyklusen til produkta. Når slike kriterium vert fastsette, skal det takast omsyn til følgjande: a) dei viktigaste miljøverknadene, særleg verknaden på klimaendring, natur og biologisk mangfald, energi- og ressursbruk, avfallsproduksjon, utslepp til alle delar av miljøet, ureining gjennom fysiske verknader og bruk og utslepp av farlege stoff, b) høve til å byte ut farlege stoff med tryggare stoff, eller ta i bruk alternative materiale eller utformingar der dette er teknisk mogleg, c) høve til å redusere miljøverknadene ved å gjere produkta meir haldbare og lettare å bruke på nytt, d) den miljømessige nettobalansen mellom føremonene og pårøyningane for miljøet, medrekna helse- og tryggleiksaspekta, på dei ulike stadia i levetida til produkta, e) der det høver, sosiale og etiske aspekt, t.d. ved å vise til internasjonale konvensjonar og avtaler på området, som t.d. relevante ILO-standardar og åtferdsreglar, f) kriterium som er fastsette for andre miljømerke som finst for den aktuelle produktgruppa, særleg miljømerke som er i samsvar med EN ISO 14024 type I og er offisielt godkjende på nasjonalt eller regionalt plan, med sikte på betre samverknad, g) i størst mogleg grad prinsippet om å redusere omfanget av dyreforsøk. 4. Kriteria for tildeling av EU-miljømerke skal omfatte krav som skal sikre at produkta som er påførte EU-miljømerket, fungerer slik dei skal i samsvar med den påtenkte bruken deira. 5. Før det vert utarbeidd kriterium for tildeling av EU-merke til næringsmiddel og fôrvarer slik det er definert i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 178/2002 av 28. januar 2002 om fastsettelse av allmenne prinsipper og krav i næringsmiddelregelverket, om opprettelse av Den europeiske myndighet for næringsmiddeltrygghet og om fastsettelse av framgangsmåter i forbindelse med næringsmiddeltrygghet, skal Kommisjonen innan 31. desember 2011 gjennomføre ei gransking for å slå fast om det er mogleg å fastsetje pålitelege kriterium for miljøprestasjonen til slike produkt gjennom heile livssyklusen deira, medrekna fiskeri- og akvakulturprodukt. I denne granskinga bør det leggjast særleg vekt på korleis alle kriteria for tildeling av EU-miljømerke verkar inn på næringsmiddel og fôrvarer, og dessutan på utilverka landbruksprodukt som er omfatta av verkeområdet for forordning (EF) nr. 834/2007. Granskinga bør ta omsyn til det alternativet at berre dei produkta som er godkjende som økologiske, vil kunne få tildelt EU-miljømerket, for såleis å unngå å skape forvirring blant forbrukarane. Kommisjonen skal avgjere, samstundes som han tek omsyn til resultatet av granskinga og fråsegna frå EUEB, kva næringsmiddel- og fôrvaregruppe som det eventuelt vil kunne utarbeidast kriterium for tildeling av EU-miljømerke for, i samsvar med framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er nemnd i artikkel 16 nr. 2. 6. EU-miljømerket kan ikkje tildelast varer som inneheld stoff eller preparat/blandingar som oppfyller kriteria for klassifisering som giftige, miljøfarlege, kreftframkallande, arvestoffskadelege eller reproduksjonsskadelege i samsvar med europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1272/2008 av 16. desember 2008 om klassifisering, merking og emballering av stoffer og stoffblandinger, eller varer som inneheld stoff som er nemnde i artikkel 57 i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1907/2006 av 18. desember 2006 om registrering, vurdering og godkjenning av samt begrensninger for kjemikalier (REACH), og om opprettelse av et europeisk kjemikaliebyrå. 7. For visse kategoriar av varer som inneheld stoff som er nemnde i nr. 6, og berre i tilfelle der det ikkje er teknisk mogleg å byte dei ut med tryggare stoff eller ta i bruk alternative materiale eller utformingar, eller for produkt som har ein vesentleg høgare samla miljøprestasjon jamført med andre varer i same kategori, kan Kommisjonen vedta tiltak med sikte på å gje unntak frå nr. 6. Det skal ikkje gjevast unntak for stoff som oppfyller kriteria i artikkel 57 i forordning (EF) nr. 1907/2006, og som er identifisert i samsvar med den framgangsmåten som det er gjort greie for i artikkel 59 nr. 1 i den nemnde forordninga, og som finst i blandingar, i ein artikkel eller i ein homogen del av ein samansett artikkel i konsentrasjonar på over 0,1 vektprosent. Dei tiltaka som er utarbeidde for å endre ikkje-grunnleggjande føresegner i denne forordninga, skal vedtakast i samsvar med framgangsmåten med forskriftsutval med kontroll som er nemnd i artikkel 16 nr. 2.
Noter (3)
  • Note 1TEF L 31 av 1.2.2002, s. 1.
  • Note 2TEU L 353 av 31.12.2008, s. 1.
  • Note 3TEU L 396 av 30.12.2006, s. 1.

Les hele loven i sammenheng →