Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 3. Skriftleg forpaktingsavtale

Forpaktingslova·Sist endret 1. januar 2002

Skriftleg forpaktingsavtale

Forpaktingsavtale skal vere skriftleg. Det same gjeld endring av eller tillegg til slik avtale. Trass i kravet om skriftfesting blir munnleg avtale bindande for partane når forpaktinga er tiltrådt. Forpaktingsavtale skal innehalde spesifisert arealoppgåve over den forpakta eigedomen og elles utførlege opplysningar om kva for rettar og plikter avtalen omfattar. Kravet i første ledd om at avtalen skal vere skriftleg er ikkje til hinder for at avtalen kan gjerast ved bruk av eit elektronisk medium dersom partane er samde om det og a) heile innhaldet i avtalen er tilgjengeleg for partane når avtalen vert gjort, og b) det er nytta ein trygg metode for å autentisere avtaleinngåinga og sikre innhaldet av avtala.

En avtale om forpakting skal være skriftlig, og det samme gjelder for endringer i avtalen. Avtalen skal inneholde en oversikt over arealet og detaljer om rettigheter og plikter. En muntlig avtale er likevel bindende når forpaktingen har startet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 21 des 2001 nr. 117 (ikr. 1 jan 2002 iflg. res. 21 des 2001 nr. 1475).

Les hele loven i sammenheng →