Hopp til innhold
Forskrift

§ 3-8. Grunngjeving for karakterfastsetting og klage

Grunngjeving for karakterfastsetting og klage

(1) Kunngjering av eksamensresultat skjer på StudentWeb. (2) Ein kandidat kan be om grunngjeving for karakteren på skriftleg eksamen innan 1 veke etter kunngjeringa. (3) Viss det er gitt skriftlege retningsliner for grunngjevinga, skal desse være tilgjengelige for studentane etter at karakteren er fastsett. (4) Ved munnleg eksamen eller sensur av praktiske ferdigheter må krav om slik grunngjeving settast fram med ein gang etter at karakteren er meddelt. (5) Klagefristen er normalt 3 veker frå eksamensresultatet er kunngjort. Dersom kandidaten ber om grunngjeving for karakterfastsetjing eller klage over formelle feil, er klagefristen 3 veker frå kandidaten har fått grunngjevinga eller endeleg avgjerd i klagen ligg føre. (6) Ved klage over karakterfastsetjing ved ein eksamen skal ein eller fleire nye sensorar nyttast. Minst ein sensor skal være ekstern. Dersom det ligg føre sensorrettleiing, skal denne leggjast ved klagen. (7) Ved ny sensur skal sensorane ikkje få opphavleg karakter, sensors grunngjeving for denne eller studentens grunngjeving for klagen, jf. fagskoleloven § 8 (4). (8) Sensur av munnleg prestasjon eller liknande som etter sin art ikkje lar seg etterprøve, kan ikkje klagast på.

Eksamensresultater publiseres på StudentWeb. Studenter kan be om begrunnelse for karakteren og har rett til å klage på resultatet. Ved klage på karakter skal nye sensorer vurdere oppgaven uten å vite hva den forrige sensoren ga.AI

Se ogsåFagskoleloven § 8referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 3-8 i forskrift-for-fagskoleutdanning-i-yrkesdykking-ved-hvl.

Les hele forskriften i sammenheng →