Forskrift
§ 5-1. Fusk og forsøk på fusk
Fusk og forsøk på fusk
(1) Som fusk eller forsøk på fusk ved eksamen eller ved vilkår for å gå opp til eksamen reknar ein mellom anna:
a) Å ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengelege under eksamen
b) Å presentere andre sitt arbeid som sitt eige (plagiat)
c) Å ha skaffa seg tilgjenge til eksamen ved å ha fuska ved prøve og liknande som er vilkår for å gå opp til eksamen, eller ved på urett grunnlag fått godkjenning for deltaking ved obligatorisk undervisning eller andre obligatoriske aktivitetar
d) Ureglementert samarbeid mellom eksamenskandidatar eller grupper
e) Andre avvik frå eventuelle særskilde eksamensreglar.
(2) Om det under eksamenar eller prøver med tilsyn oppstår situasjonar som gjer at ein student kan mistenkast for fusk, skal studenten straks gjerast merksam på at forholda vil bli rapportert for vidare handsaming.
(3) Fusk eller forsøk på fusk kan resultere i utestenging frå utdanningen, jf. § 4-4 (2).
Reglene forklarer hva som regnes som fusk ved eksamen og underveis i utdanningen. Fusk kan føre til at studenten blir utestengt fra utdanningen. Ved mistanke om fusk under tilsyn skal studenten informeres om at forholdet blir rapportert.AI
Se ogsåForskrift for fagskoleutdanning i yrkesdykking ved HVL § 4-4
Sammenheng
Koblinger for § 5-1 i forskrift-for-fagskoleutdanning-i-yrkesdykking-ved-hvl.