Hopp til innhold
Forskrift

§ 4-4. Utestenging og bortvising

Forskrift for fagskoleutdanning i yrkesdykking ved HVL·Kapittel 4. Tryggleiksreglar og disiplinære sanksjonar

Utestenging og bortvising

(1) Ein student som trass skriftleg varsel gjentekne gonger oppfører seg på ein måte som verkar grovt forstyrrande for medstudentar sitt arbeid eller for verksemda ved fagskolen elles, kan etter vedtak av klagenemnda verte bortvist frå fagskolen i inntil eitt år. Med bortvising meiner ein at studenten ikkje får delta i undervisning eller opphalde seg på skulen sitt område i bortvisningsperioden. Dersom ein student på trass av skriftleg varsel ikkje etterkjem eit vedtak om bortvising, kan klagenemnda vedta å stenge ute studenten frå utdanninga i inntil eitt år. Med utestenging meiner ein her å miste retten til å fullføre studiet. (2) Klagenemnda kan vedta at ein student som har nytta falskt vitnemål, andre falske dokument eller vist anna form for uheiderleg åtferd, eller som har fuska eller forsøkt å fuske, vert utestengt frå all utdanning og vert fråtatt retten til eksamen ved fagskolen i inntil eitt år. Tilsvarande gjeld for ein student som forsetteleg har medverka til fusk. (3) Eit vedtak om bortvising eller utestenging av ein student kan berre fattast med minst to tredels fleirtal i klagenemnda. Studenten skal ha høve til å forklara seg før kvart vedtakspunkt. Vedtaket er eit enkeltvedtak, og studentane kan klage til Nasjonal klagenemnd for fagskoleutdanning. Sjå kap. 6. for korleis gå fram ved klage.

Studenter som oppfører seg grovt forstyrrende eller bruker falske dokumenter og fusker, kan bli bortvist eller utestengt. Bortvisning betyr at man ikke kan delta i undervisning eller være på skolen, mens utestenging kan innebære at man mister retten til å fullføre studiet.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 4-4 i forskrift-for-fagskoleutdanning-i-yrkesdykking-ved-hvl.

Les hele forskriften i sammenheng →