Skriftlege dokument
Som skriftlege dokument reknast
a) bøker
b) nummererte og unummerete seriar av til dømes rapportar, skrift og særtrykk
c) periodiske skriftstykke som til dømes tidsskrift, vekeblad, aviser, bedriftsaviser, medlemsblad og kyrkjelydsblad
d) brosjyrar
e) flygeblad og opprop
f) rettleiingshefte, katalogar og faldarar som til dømes muséguidar, utstillingskatalogar og turisthandbøker
g) lover, reglement, statuttar og vedtekter for bedrifter, lag, institusjonar og organisasjonar
h) prislister og reklameprent
i) program for til dømes idrettsarrangement, konsertar og teaterframsyningar og politiske parti
j) rundskriv
k) tabellar – t.d. lønstariffar
l) årsmeldingar, kvartalsrapportar o.l. frå bedrifter, lag, institusjonar og organisasjonar
m) bilet-, kart- og musikkprent, grafiske tabellar og planar, plakatar, postkort, prospekt og plansjar
n) dokument i blindeskrift når informasjonen berre finst i denne skriftforma
o) andre allment tilgjengelege skriftlege dokument som ikkje er nemnde i andre ledd.
Desse skriftlege dokumenta skal likevel ikkje avleverast
a) blankettar, formular, skjema og liknande som skal fyllast ut
b) etikettar, skrivepapir og konvoluttar med preg, visittkort, adressekort og liknande
c) emballasjetrykk i varehandelen
d) dokument i blindeskrift dersom den same informasjonen ligg føre i vanleg skrift
e) dokument som i all hovudsak inneheld informasjon som er direkte utdrag frå andre allment tilgjengelege dokument
f) spel, utklippsbilete og kalendrar utan annan tekst enn datoar
g) innbydingar og menyar
h) billettar, lodd og andre verdirepresentativ
i) kunstverk som målarstykke, grafiske blad og liknande.
Bestemmelsen definerer hvilke typer skriftlige dokumenter som regnes som allment tilgjengelige. Den lister også opp hvilke typer papirer, som for eksempel blanketter og invitasjoner, som ikke skal leveres.AI