Hopp til innhold
Forskrift

§ 8. Fordelinga av avleveringsplikta

Fordelinga av avleveringsplikta

Avleveringsplikta skal delast mellom den som har produsert dokumentet og utgjevaren. Er eit dokument produsert i Noreg, skal den som har produsert det levere tre eksemplar og utgjevaren fire. Utgjevaren skal levere alle avleveringseksemplara dersom a) dokumentet er digitalt b) dokumentet er ei avis c) delar av dokumentet vert produsert av fleire produsentar d) utgjevaren har produsert dokumentet sjølv eller har fått det laga i utlandet. Produsenten skal levere alle avleveringseksemplara dersom utgjevaren er utanlandsk. Importøren skal levere alle avleveringseksemplara dersom både produsenten og utgjevaren er utanlandske. Nasjonalbiblioteket kan fastsetje ei anna fordeling eller leggje heile avleveringsplikta på ein av dei leveringspliktige.

Reglene bestemmer hvem som har ansvar for å levere eksemplarer av dokumenter. Plikten deles vanligvis mellom produsenten og utgiveren, men i visse tilfeller faller hele ansvaret på én part eller på importøren.AI

Les hele forskriften i sammenheng →