Vidaredelegering av myndigheit lagt til Kongen
Myndigheit lagt til Kongen etter følgjande reglar i fjellova vidaredelegerast frå Landbruksdepartementet til Statskog SF:
-) § 3 fjerde stykket om fastsetjing av grensene for området der allmenningen ligg, og sjette stykket om fastsetjing av representasjon for reindriftsnæringa i fjellstyret.
-) § 4 første punktum om fastsetjing av om det skal veljast eit eller fleire fjellstyre når det er fleire statsallmenningar innan ein kommune.
-) § 5 første og andre stykket om avgjerd av om det skal vere eit felles fjellstyre når ein statsallmenning ligg i to eller fleire kommunar, og fjerde stykket om unntak for talet på fjellstyremedlemer etter tredje stykket.
-) § 6 første stykket om avgjerd om forsterka fjellstyre når allmenningsbruken ligg til bygd eller grend i andre kommunar enn den allmenningen ligg i.
-) § 10 første stykket om fastsetjing av nærare reglar om førehandsvarsel og kunngjering av eller melding om fjellstyrevedtak, og tredje stykket om fråvik frå lovens regel om når fjellstyrevedtak tek til å gjelde.
-) § 11 andre stykket tredje punktum om fastsetjing av nærare reglar om rekneskapsføring og revisjon av fjellkassa.
-) § 14 andre punktum om stadfesting av vedtekter om bruken av allmenningen.
-) § 23 andre stykket om fastsetjing av grensene for det området der allmenningen ligg.
-) § 28 andre stykket om fastsetjing av grensene for det område der allmenningen ligg.
Denne forskriften flytter myndighet fra Landbruksdepartementet til Statskog SF. Det gjelder bestemmelser om grenser for allmenninger, sammensetning av fjellstyret og regler for drift og vedtekter.AI
Se ogsåForskrift om delegering etter fjellova § 4Forskrift om delegering etter fjellova § 5Forskrift om delegering etter fjellova § 6referert av 1 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Se også3
Koblinger for § 3 i forskrift-om-delegering-etter-fjellova.