Forskrift
§ 2. Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt over 1000 kW sett i drift pr. 1. januar 2000
Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt over 1000 kW sett i drift pr. 1. januar 2000
(1) Kommunefordelinga etter eigedomsskattelova § 8 B-2 første og tredje leden skal byggje på oppgåver frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om berekning av fordelingsnøklar og retningsliner fastsett av departementet i samråd med NVE.
(2) For kraftanlegg med tilhøyrande særskilte driftsmiddel sett i drift pr. 1. januar 2000 som ikkje vart omfatta av NVE si fastsetjing av gjenanskaffingsverdet (GAV) pr. 1. januar 1997, skal NVE fastsetje gjenanskaffingsverdet for særskilte driftsmiddel som nemnt i eigedomsskattelova § 8 B-2 første leden. Det skal ikkje bereknast GAV for adkomstanlegg. Reglane i forskrift 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmiddel i kraftforetak, gjeld tilsvarande for NVE si fastsetjing av desse verdiar. For kraftanlegg sett i drift etter 1. januar 1997 skal verdsetjinga baserast på tilhøva pr. 1. januar 2000 og justerast til kroneverdet pr. 1. januar 1997. Frist for eigar av særskilte driftsmiddel i slike kraftanlegg for innsending av opplysningar til NVE som nemnt i forskriften § 2-1 andre leden, vert sett til 9. februar 2001.
Reglene bestemmer hvordan grunnlaget for eiendomsskatt for store kraftanlegg skal fordeles mellom kommunene. Fordelingen baseres på opplysninger fra NVE og retningslinjer fra departementet.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 9 des 2016 nr. 1474 (i kraft 1 jan 2017).
Se ogsåEigedomsskattelova § 8Forskrift om skattemessig inngangsverdi § 2-1
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 2 i forskrift-om-eigedomsskatt-for-kraftanlegg.