Hopp til innhold
Forskrift

§ 3. Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt under 1000 kW sett i drift pr. 1. januar 2000

Forskrift om eigedomsskatt for kraftanlegg·Kapittel I. I·Sist endret 1. januar 2017

Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt under 1000 kW sett i drift pr. 1. januar 2000

(1) Kommunefordeling etter eigedomsskattelova § 8B-2 fjerde leden, jf. § 8B-3 første leden vert berre fastsett dersom det vert kravt av eigar av kraftanlegget eller av ein av dei kommunar der kraftanlegget har tilhøyrande særskilte driftsmiddel som nemnt i eigedomsskattelova § 8B-2 første leden første punktum, jf. fjerde punktum. (2) Krav om kommunefordeling etter første leden må framsetjast innan 9. februar 2001. Kravet skal sendast til Skattedirektoratet med kopi til dei berørte kommunar eller eigar av kraftanlegget. Dersom krav ikkje vert framsett, skal heile eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegget tilordnast den kommune der kraftverket ligg. (3) Skattedirektoratet fastsett fristar og dokumentasjonskrav mv. for rapportering av naudsynte opplysningar frå eigar av kraftanlegga om kostpris og plassering av særskilte driftsmiddel i kraftanlegga som skal gå inn i fordelingsgrunnlaget. Ved manglande eller mangelfull rapportering av slike opplysningar, vert kommunefordelinga basert på skjøn.

Reglene bestemmer hvordan grunnlaget for eiendomsskatt skal fordeles mellom kommuner for små kraftanlegg. Fordeling skjer kun hvis eieren eller en berørt kommune krever det, ellers tilfaller alt skattegrunnlaget kommunen der kraftverket ligger.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 9 des 2016 nr. 1474 (i kraft 1 jan 2017).

referert av 1

Sammenheng

Referert av1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 3 i forskrift-om-eigedomsskatt-for-kraftanlegg.

Les hele forskriften i sammenheng →