Tilskotsevne
Utrekna tilskot etter § 2 til § 5 i forskrifta her skal prøvast mot tilskotsevna til den tilskotspliktige. Det vil seie at tilskotet ikkje skal fastsetjast til eit høgare tilskot enn at den tilskotspliktige har att fastsette midla til skatt, eige underhald, buutgifter og underhald av eigne barn i eigen husstand.
Fastsette midlar til skatt tek omsyn til skatt på allmenn inntekt før frådrag for gjeldsrenter o.a. og trygdeavgift. Som allmenn inntekt reknast i denne samanhengen den inntekta som er fastsett etter denne forskrifta § 4. Frådraga er minstefrådrag og personfrådrag. Minstefrådraget skal reknast ut frå satsane for pensjonsinntekt. Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 22 prosent og trygdeavgifta til 7,6 prosent. Trinnskatten skal leggjast til grunn.
Midla til eige underhald er satt som ein fast sats for einslege, og ein fast sats for sambuande/gifte. Satsane skal regulerast årleg i medhald av endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Satsane skal regulerast kvart år ut i frå endringa i konsumprisindeksen for januar månad i høve til indeksen ved førre regulering. Satsane skal òg haldast vedlike ved at satsane blir samanlikna med større endringar som gjerast i Forbruksforskningsinstituttet SIFO sitt referansebudsjett for forbruksutgifter.
Buutgifter for einslege og sambuande/gifte skal reknast ut frå SSB sine forbruksundersøkingar.
Midla til underhald av eigne barn i eigen husstand skal reknast gjennomsnittleg ut frå § 3 i denne forskrifta, men reduserast til det halve. Same sats skal nyttast for alle barn. For eigne barn i eigen husstand som det er avtalt delt bustad for, skal den gjennomsnittleg utrekna underhaldskostnaden reduserast til ein fjerdedel.
Når ein tilskotspliktig med fleire barn ikkje har full tilskotsevne, kan avgjerdsorganet etter eige initiativ fastsetje tilskota til barna som nærare fastsett i barnelova § 75 andre stykke med tilhøyrande forskrift.
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 18 mars 2004 nr. 559 (i kraft 1 april 2004), 29 juni 2004 nr. 1056 (i kraft 1 juli 2004), 26 april 2005 nr. 370 (i kraft 1 juni 2005), 17 des 2013 nr. 1571 (i kraft 1 jan 2014), 17 des 2015 nr. 1734 (i kraft 1 jan 2016), 20 des 2016 nr. 1945 (i kraft 1 jan 2017), 19 des 2017 nr. 2241 (i kraft 1 jan 2018), 20 des 2018 nr. 2244 (i kraft 1 jan 2019), 29 juni 2020 nr. 1421 (i kraft 1 juli 2020), 18 jan 2022 nr. 72, 22 des 2022 nr. 2494 (i kraft 1 jan 2023), 18 des 2023 nr. 2099 (i kraft 1 jan 2024), 16 des 2024 nr. 3138 (i kraft 1 jan 2025), 22 des 2025 nr. 2863 (i kraft 1 jan 2026).
Se ogsåForskrift om fastsetjing av fostringstilskot § 4 første leddForskrift om fastsetjing av fostringstilskot § 3 første leddBarnelova § 75Forskrift om fastsetjing av fostringstilskot § 2referert av 2 →
Sammenheng
Se også5
Referert av2
Koblinger for § 6 i forskrift-om-fastsetjing-av-fostringstilskot.