Hopp til innhold

Meklingsnemnd

Det skal vere to meklingsnemnder, ei tilknytt kvitfisksektoren, jf. § 1 andre til femte ledd, og ei tilknytt pelagisk sektor, jf. § 1 første ledd, som skal mekle i spørsmålet om minstepris ved usemje mellom salslaga og industrisida. Riksmeklaren nemner opp ein person som skal leie begge nemndene. I tillegg skal departementet nemne opp to medlemmer til kvar nemnd, etter forslag frå industriorganisasjonane og frå fiskesalslaga, som dei er samde om. Dersom partane ikkje vert samde, skal departementet nemne opp ein medlem til kvar nemnd etter forslag frå partane. Kvar av partane skal i så fall foreslå to medlemmer til kvar nemnd, ein med generell økonomisk kompetanse knytt til næringsøkonomi/global handel, og ein medlem med fagkunnskap om høvesvis kvitfisksektoren og pelagisk sektor. Personlege varamedlemmer vert nemnde opp etter forslag som for medlemmene. Medlemmene og varamedlemmene i nemndene vert nemnde opp for tre år om gongen med høve til forlenging i ytterlegare tre år. Oppnemninga av nemndene skal skje i samsvar med likestillingslova § 13 og forskrifter, og organisasjonar mv. som foreslår kandidatar til eit organ skal foreslå ein kandidat av kvart kjønn for kvar kandidat som skal nemnast opp. Mekling skal starte så raskt som mogleg og seinast to yrkedagar etter at det er stadfesta at forhandlingar om minstepris ikkje fører fram og ein av partane ber om mekling. Oppmodinga om mekling skal setjast fram skriftleg og med ein gong sendast til departementet og Riksmeklaren med kopi til dei andre partane. Meklinga skal avsluttast så raskt som mogleg og seinast innan fem yrkedagar etter start. Som grunnlag for forhandlingar om minstepris og for eventuell mekling, skal partane, saman eller kvar for seg, leggje fram for nemndene dokumentasjon om pris-, kostnads- og marknadstilhøve for fisk og fiskeprodukt nasjonalt og globalt. Bakgrunnsdokumentasjonen skal leggjast fram for nemndene samstundes med oppmodinga om mekling. Eventuelle oppmodingar frå nemndene om ytterlegare dokumentasjon skal partane følgje opp straks. Dei som deltek i meklinga har teieplikt om det som kjem fram under meklinga. Det skal førast protokoll frå meklinga som skal innehalde informasjon om dato og stad, kven som er partar, kven som er til stades på møta, kva art som er omfatta av meklinga, grunnlagsdokumentasjon og sluttresultat. Dersom meklingsnemnda har lagt fram forslag til løysing skal forslaget førast i protokollen uavhengig av utfallet av meklinga. Partane skal dekkje kostnadene ved meklingsordninga med halvparten kvar. Statens reiseregulativ skal nyttast for å dekkje utgifter til reise. Godtgjering til leiaren i nemndene og til medlemmene skal dekkjast med 75 prosent av salærsats til advokatar i rettshjelpssaker, jf. instruks frå Arbeidsdepartementet.

Se ogsåForskrift om førstehandsomsetning av fisk mv. § 1 første leddLikestillings- og diskrimineringsloven § 13

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 3 i forskrift-om-førstehandsomsetning-av-fisk-mv.

Les hele forskriften i sammenheng →