Hopp til innhold
Forskrift

§ 29.

Vedtekta for eit sjøtrygdelag skal ha føresegner om: 1) namnet på laget, kva herad eller by det skal ha sæte i, og så arbeidsområdet, 2) kva slag verksemd laget skal driva, og omfanget av verksemda, 3) den høgaste trygdesummen laget kan ha for eiga rekning på ei vågnadseining, 4) kva rett og skyldnad lagsmennene skal ha innbyrdes og til tredjemann, korleis underskot skal greiast og overskot nyttast, 5) lagsmøtet, 6) styret, 7) reglane for røysterett på lagsmøtet og i styret, 8) kven som kan binda laget og korleis, 9) rekneskapen, korleis han skal framleggjast og medfarast, 10) kva lagseiga skal setjast i, 11) oppleggjing av reservefond, 12) kva det skal gjerast med overskotet i fall laget vert oppløyst, 13) aldersgrense for laget sine tillits- og tenestemenn, 14) trygd for handsaming av lagseiga.

Denne regelen bestemmer hva vedtektene til et gjensidig sjøtrygdelag må inneholde. Det er en liste over faste punkter som skal være med for at vedtektene skal være fullstendige.AI

Les hele forskriften i sammenheng →