Hopp til innhold

Forsvar av avhandlinga

(1) Når doktoranden har halde prøveførelesinga og fått ho godkjend, skal han/ho forsvara avhandlinga i offentleg disputas. Tid og stad for disputasen skal offentleggjerast minst ti arbeidsdagar på førehand saman med opplysningar om korleis avhandlinga er offentleggjort. (2) Disputasen skjer på avhandlingsspråket eller norsk med mindre fakultetet godkjenner noko anna. (3) Det skal normalt vera to opponentar. Fakultetet peikar dei ut av og mellom medlemmene av komiteen. I særlege tilfelle kan fakultetet nemna opp opponentar som ikkje har vore medlemmer av komiteen. (4) Disputasen vert leia av dekan eller den han/ho gir fullmakt. Den som leier disputasen, gjer kort greie for innleveringa og vurderinga av avhandlinga og for prøveførelesinga. Deretter gjer doktoranden greie for siktemålet med og resultatet av den vitskaplege undersøkinga. Første opponent innleier diskusjonen, og andre opponent avsluttar disputasen. Fakultetet kan fastsetja ei anna rekkefølgje og oppgåvefordeling mellom opponentane og mellom doktoranden og første opponent. Andre som er til stades og som ynskjer å opponera ex auditorio, må gi melding om dette til leiar for disputasen innan det tidspunktet leiar fastset og kunngjer ved opninga av disputasen.

Etter godkjent prøveforelesning skal doktoranden forsvare avhandlingen i en offentlig disputas. Det skal normalt være to opponenter, og disputasen ledes av dekan eller en fullmektig.AI

Les hele forskriften i sammenheng →