Forskrift
Nynorsk
§ 6-2. Tvungen avslutting ved forseinking eller manglande framdrift
Forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda·Kapittel III. Avslutting før avtalt tid
Tvungen avslutting ved forseinking eller manglande framdrift
(1) Avdelinga kan vedta tvungen avslutting av ph.d.-utdanninga før avtalt tid. Avdelinga kan gjere vedtak om det på grunnlag av eitt eller fleire forhold:
a) Vesentleg forseinking i gjennomføring av opplæringsdelen på grunn av forhold som kandidaten sjølv rår over
b) Gjentekne og vesentlege brot frå kandidatens side av informasjons-, oppfølgings- eller rapporteringsplikt, inkludert innsending av framdriftsrapport, jf. § 9
c) Forseinkingar i framdrifta i forskingsprosjektet som gjer det sannsynleg at kandidaten ikkje vil kunne fullføre prosjektet innafor avtalt tid. For å danne grunnlag for tvungen avslutting må forseinkinga skuldast forhold som kandidaten sjølv rår over.
(2) Klage over vedtak om tvungen avslutting ved forseinkingar eller manglande framdrift går til Nemnd for studentsaker ved Høgskulen i Volda.
Utdanningen kan avsluttes før tiden hvis det er store forsinkelser eller manglende fremdrift som kandidaten selv er ansvarlig for. Det kan også skje ved gjentatte brudd på plikten til å rapportere eller gi informasjon.AI
Se ogsåForskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda § 9referert av 1 →
Sammenheng
Koblinger for § 6-2 i forskrift-om-graden-philosophiae-doctorved-høgskulen-i-volda.