Forskrift
Nynorsk
§ 9-1. Rapportering
Rapportering
(1) System for kvalitetssikring av ph.d.-utdanninga skal femne om tiltak for å avdekkje manglande progresjon i avhandlingsarbeidet og kursdelen og manglar ved rettleiinga, og dessutan rutinar for å følgje opp manglar som vert avdekte. I avtaleperioden skal ph.d.-kandidaten årleg levere skriftlege rapportar til doktorgradsutvalet om framdrift i tråd med ph.d.-planen. Hovudrettleiar leverer årleg separat rapport. Rapportane skal skrivast på eit særskilt skjema.
(2) Kandidat og hovudrettleiar har eit likeverdig ansvar for rapportering. Manglande eller mangelfull framdriftsrapportering frå kandidaten kan føre til tvungen avslutting av forskarutdanninga før opptaksperioden er ute, jf. § 6-2. Rettleiarar som ikkje følger opp rapporteringsplikta kan misse rettleiaransvaret.
(3) Avdelinga kan ved behov krevje særskilt rapportering.
Det skal finnes systemer for å avdekke manglende fremdrift i ph.d.-løpet og mangler ved veiledningen. Både kandidaten og hovedveileder skal hvert år levere skriftlige rapporter om fremdriften.AI
Se ogsåForskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda § 6-2referert av 1 →
Sammenheng
Referert av1
Koblinger for § 9-1 i forskrift-om-graden-philosophiae-doctorved-høgskulen-i-volda.