Hopp til innhold
Forskrift
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om vern av Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger som geografisk nemning

Forskrift om nemninga Eplejuice/ Eplemost frå Hardanger

forskrift/2005-11-22-1468·4 paragrafer·Sist endret 8. august 2024·Utforsk grafen
I kraft 2005-12-20Kunngjort 2005-12-16Sist endret ved forskrift/2024-08-08-1910

Beskytta produktnemning

Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger.

Bestemmelsen fastslår at betegnelsene eplejuice fra Hardanger og eplemost fra Hardanger er beskyttede produktnavn.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 21 nov 2017 nr. 1804.

Rettmessig brukar

TINE SA. Synnøve Finden AS.

Denne bestemmelsen fastslår hvem som har rett til å bruke betegnelsen eplejuice eller eplemost fra Hardanger. De som har denne retten er TINE SA og Synnøve Finden AS.AI

Endret 19. februar 2018 · i kraft 16. februar 2018
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 21 nov 2017 nr. 1804, 16 feb 2018 nr. 232.

Vilkår for bruk av produktnemninga

Produktbeskriving Eplejuice frå Hardanger / Eplemost frå Hardanger er laga av eple dyrka og pressa i Hardanger. Samansetjinga kan variere frå ein sort til fleire sortar. Nemninga omfattar både eplejuice som er filtrert og som ikkje er filtrert. Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal ha ein lett syrleg og aromatisk eplesmak. Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal ha ein Brix-verdi på minimum 10. Geografisk område Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal vere laga av eple som er dyrka og pressa i Hardanger. Hardanger omfattar kommunane Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang og dessutan dei sørlege delane av Voss, tidlegare Granvin kommune. Produksjonsmetode Som råvare til Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal det brukast godt mogna eple. Epla skal ha ein Brix-verdi ≥ 10, ein diameter ≥ 50 mm og skal vere frie for synleg mugg, gjær og rote. Oppbevaringstida i mottaksbingen før pressing skal maksimum vere på 20 timar. Epla skal lagrast i eigne bingar. Epla skal spylast eller vaskast slik at eventuelle ureinskapar blir fjerna, og dårlege eple skal sorterast ut. Epla skal deretter kvernast til mask. Tillatne hjelpestoff kan tilsetjast før masken blir overført til mesketank. Når det øvste laget sprekk, skal masken pressast slik at eplejuice/eplemost og mask blir separert. Filtrert eplejuice/eplemost kan tilsetjast hjelpestoff for depektinering og klaring. Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal pasteuriserast før tapping og lagring. Pasteurisering og tapping skal skje same dag. Skjer tapping på ein annan stad enn der epla blei pressa, skal eplejuicen/eplemosten pasteuriserast på nytt før tapping.

Denne regelen fastslår at eplejuice og eplemost fra Hardanger må være laget av epler som er dyrket og presset i Hardanger. Det stilles krav til eplenes kvalitet, smak, sukkerinnhold og hvordan saften skal produseres og pasteuriseres.AI

Endret 9. august 2024 · i kraft 8. august 2024
Endringshistorikk (2)
  • 9. august 2024Forskrift om endring i forskrift om vern av Eplejuice frå Hardanger / Eplemost frå Hardanger som geografisk nemning
  • 22. november 2017Endr. i forskrift om nemninga Eplejuice frå Hardanger
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 21 nov 2017 nr. 1804, 8 aug 2024 nr. 1910.

Iverksetjing

Forskrifta blir sett i verk 20. desember 2005.

Denne forskrifta trer i kraft 20. desember 2005.AI

Vedlegg

Vedlegg: Beskriving av produktet sitt opphav og tilknyting til det geografiske området

Det kan dokumenterast at tradisjonen med pressing av eple til eplejuice/eplemost i Hardanger går tilbake til slutten av 1700-talet. I 1818 skreiv prost Niels Hertzberg om hardangerbonden Knut Jåstad (f. 1744) at «han lærte sine Sambygdinger at gjøre sig nytte av de vilde Skovæplers saft. Han gjorde sig hertil presser med sterke Jernskruer og solgte Saften i Bergen». Vi kan gå ut frå at kunnskapen om pressing av eple til eplejuice/eplemost allereie var kjend i distriktet. I perioden 1890–1920 var det fleire fabrikkar i Hardanger med stort sal av eplesider og eplejuice/eplemost, bl.a. Cideriet og Aga Cideri og saft. Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger er kjenneteikna ved ein lett syrleg og aromatisk eplesmak. Dette er eit resultat av samansetjinga av epleråstoffet, dei spesielle kvalitetane som kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger, og dei lange tradisjonane og kunnskapane om produksjon av eplejuice/eplemost i Hardanger. Eple dyrka i Hardanger har ein frisk og syrleg smak. Dette kjem av dei spesielle vekstvilkåra som klimaet og naturen i Hardanger gir. På grunn av plasseringa ved 60° N er klimaet i Hardanger kjølig og rikt på lys i vekstsesongen. Eit slikt kjølig klima gir eple med høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer (0,5–1,0 %), bl.a. spesielt mykje C-vitamin. Samtidig sikrar varme og solrike sommardagar at det blir utvikla nok sukker i epla (11–13 %). Også dei kjølige nettene om hausten er med på å gi auka syre- og sukkerinnhald rett før haustinga. Den gode balansen mellom syre- og sukkerinnhald kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger. I Hardanger er det lange tradisjonar for å presse eple til eplejuice/eplemost. Produksjon av Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger byggjer på opparbeidd kunnskap og erfaring om kva for prosessar som gir best aroma, smak og produktutbytte.

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hvilke produktnavn for eplejuice er beskyttet?

Bestemmelsen fastslår at betegnelsene eplejuice fra Hardanger og eplemost fra Hardanger er beskyttede produktnavn.

Åpne § 1
Hvem kan bruke betegnelsen eplejuice eller eplemost fra Hardanger?

Denne bestemmelsen fastslår hvem som har rett til å bruke betegnelsen eplejuice eller eplemost fra Hardanger. De som har denne retten er TINE SA og Synnøve Finden AS.

Åpne § 2
Hvilke kommuner regnes som Hardanger i denne sammenhengen?

Denne regelen fastslår at eplejuice og eplemost fra Hardanger må være laget av epler som er dyrket og presset i Hardanger. Det stilles krav til eplenes kvalitet, smak, sukkerinnhold og hvordan saften skal produseres og pasteuriseres.

Åpne § 3
Når blir forskrifta sett i verk?

Denne forskrifta trer i kraft 20. desember 2005.

Åpne § 4

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2024

  2. 2018

  3. 2017