Forskrift
§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga
Vilkår for bruk av produktnemninga
Produktbeskriving
Eplejuice frå Hardanger / Eplemost frå Hardanger er laga av eple dyrka og pressa i Hardanger. Samansetjinga kan variere frå ein sort til fleire sortar. Nemninga omfattar både eplejuice som er filtrert og som ikkje er filtrert.
Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal ha ein lett syrleg og aromatisk eplesmak. Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal ha ein Brix-verdi på minimum 10.
Geografisk område
Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal vere laga av eple som er dyrka og pressa i Hardanger. Hardanger omfattar kommunane Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang og dessutan dei sørlege delane av Voss, tidlegare Granvin kommune.
Produksjonsmetode
Som råvare til Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal det brukast godt mogna eple. Epla skal ha ein Brix-verdi ≥ 10, ein diameter ≥ 50 mm og skal vere frie for synleg mugg, gjær og rote. Oppbevaringstida i mottaksbingen før pressing skal maksimum vere på 20 timar. Epla skal lagrast i eigne bingar.
Epla skal spylast eller vaskast slik at eventuelle ureinskapar blir fjerna, og dårlege eple skal sorterast ut. Epla skal deretter kvernast til mask. Tillatne hjelpestoff kan tilsetjast før masken blir overført til mesketank. Når det øvste laget sprekk, skal masken pressast slik at eplejuice/eplemost og mask blir separert. Filtrert eplejuice/eplemost kan tilsetjast hjelpestoff for depektinering og klaring.
Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal pasteuriserast før tapping og lagring. Pasteurisering og tapping skal skje same dag. Skjer tapping på ein annan stad enn der epla blei pressa, skal eplejuicen/eplemosten pasteuriserast på nytt før tapping.
Denne regelen fastslår at eplejuice og eplemost fra Hardanger må være laget av epler som er dyrket og presset i Hardanger. Det stilles krav til eplenes kvalitet, smak, sukkerinnhold og hvordan saften skal produseres og pasteuriseres.AI
Endret 9. august 2024 · i kraft 8. august 2024
Endringshistorikk (2)
- 9. august 2024Forskrift om endring i forskrift om vern av Eplejuice frå Hardanger / Eplemost frå Hardanger som geografisk nemning
- 22. november 2017Endr. i forskrift om nemninga Eplejuice frå Hardanger
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 21 nov 2017 nr. 1804, 8 aug 2024 nr. 1910.
Sammenheng
Endringshistorikk2
Koblinger for § 3 i forskrift-om-nemninga-eplejuice-eplemost-frå-hardanger.