Hopp til innhold
Forskrift

§ 18. Avlevering og arkivdepot

Forskrift om offentlege arkiv·Kapittel II. Arkivprosessar

Avlevering og arkivdepot

Offentlege organ skal avlevere eldre og avslutta arkiv til arkivdepot. Riksarkivaren gir forskrift om når avlevering skal skje. For elektronisk arkivmateriale og arkivmateriale på andre optiske og magnetiske lagringsmedium som film, lydband, video m.m. kan Riksarkivaren gi forskrift om eller fastsetje i særskilde vedtak at det skal deponerast kopiar i arkivdepot på eit tidlegare tidspunkt. Kommunar og fylkeskommunar kan treffe vedtak om lengre avleveringsfristar av administrative omsyn eller kortare fristar av bevaringsomsyn. Dette må ikkje gå ut over tryggleiken til arkivmaterialet. Kommunar og fylkeskommunar skal ha ordningar for arkivdepot for arkiva sine. I arkivdepotet skal arkiva bevarast for ettertida og gjerast tilgjengelege for bruk. Arkivdepotet skal føre register over arkiva og tilvekst, og halde oversyn og kontroll med arkivbestanden. Dersom eit offentleg arkiv har opphav i både statleg og kommunal sektor, kan Riksarkivaren fastsetje kvar arkivet skal avleverast.

Offentlige organ skal levere gamle og avsluttede arkiver til et arkivdepot. Arkivene skal bevares for ettertiden og være tilgjengelige for bruk. Kommuner og fylkeskommuner skal sørge for egne ordninger for arkivdepot.AI

Les hele forskriften i sammenheng →