Hopp til innhold
Forskrift
Opphevet
Kultur- og likestillingsdepartementet

Forskrift om offentlege arkiv

forskrift/2017-12-15-2105·26 paragrafer·Utforsk grafen
I kraft 2018-01-01Kunngjort 2017-12-18
Denne forskriften er opphevet og gjelder ikke lenger. Teksten under er den sist gjeldende versjonen søklov har, og vises kun som historikk.
Innhold26 paragrafer

Kapittel I. Overordna føresegner

Arkivansvaret i offentlege organ

Offentlege organ etter arkivlova § 2 pliktar å halde arkiv. Arkivet skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er sikra som informasjonskjelder for samtid og ettertid. Kvar enkelt kommune og fylkeskommune kan fastsetje kva institusjonar og einingar som skal halde eigne arkiv. Det overordna ansvaret for arkivarbeidet i eit offentleg organ ligg til den øvste leiinga i organet. I kommunar og fylkeskommunar er arkivansvaret ein del av det ansvaret som er lagt til administrasjonssjefen etter kommunelova § 23 eller kommuneråd og fylkesråd etter kommunelova § 20. Det kommunale og fylkeskommunale arkivansvaret omfattar òg arkiv som er avleverte til arkivdepot. Eit offentleg organ har det overordna arkivansvaret for offentlege utval som organet har sett ned.

Offentlege organ pliktar å halde arkiv som er ordna slik at dokumenta er sikra for samtid og ettertid. Det overordna ansvaret for arkivarbeidet ligg til den øvste leiinga i organet.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 2Forskrift om offentlege arkiv § 23Forskrift om offentlege arkiv § 20

Særreglar for offentlege utval m.m

Offentlege utval som statlege, fylkeskommunale og kommunale råd, utval, nemnder, komitear og liknande blir ikkje rekna som eigne organ etter denne forskrifta. Offentlege utval som er oppretta ved lov eller kongeleg resolusjon, skal likevel ha eige arkiv med mindre anna er fastsett av det opprettande organet, vedkomande departement eller overordna organ. For andre offentlege utval kan dei nemnde organa fastsetje at utvalet skal ha eige arkiv. Dersom verksemda til eit utval inngår i den ordinære saksbehandlinga hos eit offentleg organ, skal saksdokumenta journalførast og arkiverast hos dette organet. Dersom eit offentleg utval ikkje skal ha eige arkiv, skal saksdokumenta til utvalet journalførast og arkiverast hos overordna organ eller hos eit organ det overordna organet fastset. For offentlege utval som skal ha eige arkiv, gjeld føresegnene i § 6, § 7, § 12, § 14 til § 17 og § 19 til § 25. Inngåande og utgåande saksdokument til eller frå slike utval skal journalførast etter føresegnene i § 9 og § 10.

Offentlige utval regnes normalt ikke som egne organer. Noen utval kan likevel ha eget arkiv, mens andre skal arkivere dokumentene sine hos et overordnet organ.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 6Forskrift om offentlege arkiv § 7Forskrift om offentlege arkiv § 12Forskrift om offentlege arkiv § 14referert av 2

Unntak for særskilte organ eller utval

For særskilte organ eller utval eller for grupper av slike organ eller utval kan Riksarkivaren fastsetje føresegner som fråvik denne forskrifta.

Riksarkivaren kan lage egne regler for enkelte organer eller utval. Disse reglene kan avvike fra det som står i denne forskriften.AI

Arkivplan og internkontroll

Alle offentlege organ skal til kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva slags instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet. Den øvste leiinga i organet må sjå til at arkivarbeidet blir omfatta av organets internkontroll. I kommunar og fylkeskommunar er dette ein del av det ansvaret som er lagt til administrasjonssjefen etter kommunelova § 23 nr. 2 andre punktum eller kommuneråd eller fylkesråd etter kommunelova § 20 nr. 2 andre punktum. Riksarkivaren kan gi forskrift om arkivplan.

Alle offentlige organ skal ha en oppdatert arkivplan som beskriver arkivets innhold, organisering og gjeldende regler. Ledelsen skal sørge for at arkivarbeidet er en del av organets interne kontrollsystem.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 23Forskrift om offentlege arkiv § 20referert av 1

Klassifikasjon

Organet skal ha ei ordning for klassifikasjon som omfattar alle dei saksområda organet har ansvar for. I staten skal klassifikasjonen skilje mellom eigenforvaltning og fagsaker. Riksarkivaren kan gi forskrift om klassifikasjon.

Offentlige organer skal ha et system for å sortere og dele inn alle sine saksområder. I staten skal det skilles mellom interne administrative saker og fagsaker.AI

referert av 1

Lagringsmedium og format

Arkivmateriale skal lagrast på medium og i format som oppfyller nødvendige krav til haldbarheit, og som gjer det mogleg å nytte materialet. Alle dokument frå 1950 eller før skal bevarast som originaldokument. Dette gjeld òg for originaldokument frå 1951 eller seinare dersom dei har særskild historisk verdi som gjenstandar. Informasjon i andre originaldokument kan overførast til eit nytt lagringsmedium og bevarast i det nye lagringsmediet. Riksarkivaren kan gi forskrift om lagringsmedium, format og destruksjon av originaldokument.

Arkivmateriale skal lagres på en måte som gjør at det holder seg og kan brukes. Dokumenter fra 1950 eller tidligere, samt dokumenter med spesiell historisk verdi, skal bevares som originaler.AI

referert av 2

Krav til arkivlokale

Rom som offentlege organ nyttar til arkivlokale skal gi arkivmaterialet vern mot skade frå vatn og fukt, brann og annan skadeleg varme, og mot skadeleg påverknad frå klima, miljø og skadedyr. Lokala skal òg verne arkiva mot skadeverk, innbrot og uautorisert tilgang. Riksarkivaren kan gi forskrift om arkivlokale og arkivlokale for ulike lagringsmedier.

Offentlege arkivlokale skal vere utforma slik at materialet er verna mot vatn, fukt, brann, varme, skadedyr og miljøpåverknad. Lokala skal også hindre innbrot, skadeverk og tilgang for uvedkomande. Riksarkivaren kan fastsetje nærare reglar for slike lokale.AI

referert av 2

Adresse for e-post

Offentlege organ skal ha ei eiga adresse for mottak av e-post.

Offentlege organ skal ha ei eiga adresse for mottak av e-post.AI

referert av 2

Kapittel II. Arkivprosessar

Journalføring

Eit offentleg organ skal ha ein eller fleire journalar for registrering av dokument i dei sakene organet opprettar. I journalen skal ein registrere alle inngåande og utgåande dokument som etter offentleglova § 4 må reknast som saksdokument for organet, dersom dei er eller blir saksbehandla og har verdi som dokumentasjon. Organinterne dokument etter offentleglova § 14 skal organet registrere i journalen så langt organet finn det tenleg. Desse organinterne dokumenta skal likevel alltid journalførast: a) dokument som er omtalte i offentleglova § 14 andre ledd b) dokument som er omtalte i offentleglova § 16 første ledd bokstav a til d, § 16 andre ledd og § 16 tredje ledd første punktum c) dokument som er omtalte i offentlegforskrifta § 8. Dokument i saker om innsyn er ikkje omfatta av journalføringsplikta, med mindre dokumenta gjeld eller inneheld ei nærmare grunngjeving, ein klage, eit krav om betaling for innsyn eller eit spørsmål om korleis innsyn skal givast.

Offentlige organer skal registrere alle innkommende og utgående saksdokumenter i en journal. Enkelte interne dokumenter skal også registreres, mens dokumenter i innsynssaker som hovedregel ikke skal journalføres.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 4Forskrift om offentlege arkiv § 14Forskrift om offentlege arkiv § 16Forskrift om offentlege arkiv § 8referert av 3

Opplysningar i journalar

Registreringa i journalen skal gjere det mogleg å identifisere dokumentet. Opplysningar som er omfatta av teieplikt i lov eller i medhald av lov skal ikkje gå fram av den offentlege journalen. Ved registrering av dokument i journalen skal følgjande opplysningar vere med: a) journalføringsdato, b) saks- og dokumentnummer (journalnummer i papirbaserte journalar), c) namnet på sendaren eller mottakaren, d) opplysningar om saka, innhaldet eller emnet, e) dateringa på dokumentet, f) klasse etter organets ordning for klassifikasjon, jf. § 5, g) ekspedisjons- eller avskrivingsdato og h) avskrivingsmåte. Er det ikkje mogleg å registrere eit dokument utan at det går fram opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt, eller som allmenta elles ikkje kan krevje innsyn i, kan det gjerast unntak etter reglane i offentleglova i den versjonen av journalen som organet pliktar å gjere offentleg tilgjengeleg på internett eller tilgjengeleg som følgje av at nokon krev innsyn i journalen. Det kan berre gjerast unntak for ei heil journalregistrering når det er nødvendig for ikkje å røpe opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt. For registrering av tryggingsgraderte dokument gjeld forskrift om informasjonssikkerhet § 4-10 til § 4-17. For registrering av vernegraderte dokument gjeld beskyttelsesinstruksen § 8.

Offentlige journaler skal inneholde spesifikk informasjon som gjør det mulig å identifisere dokumenter. Opplysninger som er hemmelige etter loven skal ikke stå i den offentlige journalen, og det kan gjøres unntak fra registreringen i tråd med offentligloven.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 5Forskrift om offentlege arkiv § 8referert av 3

Krav til system for elektronisk journal og arkiv

Ved elektronisk journalføring og arkivering av journalføringspliktig dokument etter § 9, skal offentleg organ nytte system som følgjer krav fastsette av Riksarkivaren i Norsk arkivstandard (Noark). Nye elektroniske arkiv- og journalsystem skal vere godkjende av Riksarkivaren før dei blir tekne i bruk. Riksarkivaren kan gjere unntak frå krava i heile eller delar av Noark-standarden gjennom forskrift eller særskilt vedtak. For elektronisk arkivering av dokument som ikkje er journalføringspliktige, gjeld krava i § 12.

Offentlige organer skal bruke arkiv- og journalsystemer som følger kravene fra Riksarkivaren. Nye systemer må være godkjente før de tas i bruk, men Riksarkivaren kan gjøre unntak fra reglene.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 9Forskrift om offentlege arkiv § 12referert av 1

Behandling av dokument som skal inngå i eit arkiv

Organet skal utarbeide rutinar for oppretting, mottak, utveksling, arkivering, vedlikehald og bruk av dokument som skal inngå i eit arkiv. Rutinane skal sikre at a) det går fram kven som har oppretta og registrert dokumenta, og at berre personar med rett autorisasjon kan gjere dette b) dokumenta er sikra mot ikkje-autoriserte tilføyingar, slettingar og endringar c) dokumenta er tilgjengelege for bruk d) alle dokument for organet som blir sende frå eller til eller lagt fram for tilsette i organet blir behandla som dokument til eller frå organet. Det same gjeld for dokument til eller frå den politiske leiinga i eit organ. Rutinane skal òg sikre at nye saksdokument blir registert på ei eksisterande eller ny sak. Offentlege organ skal ha reglar og rutinar for behandling av dokument som av tryggingsgrunnar må handterast særskilt. Riksarkivaren kan gi forskrift om behandling av dokument som skal inngå i eit arkiv.

Offentlige organer skal ha faste rutiner for hvordan dokumenter i arkivet håndteres. Rutinene skal sikre at dokumentene er trygge mot ulovlige endringer, er tilgjengelige og at det er kjent hvem som har opprettet dem.AI

referert av 2

Periodisering

Delar av arkiv som ikkje lenger er i bruk skal periodiserast. Ved periodisering blir dokument for ein avgrensa periode skilt ut frå eit arkiv og tatt vare på som ei arkiveining i ei ordna og tilgjengeleg form. Ein kopi av periodisert elektronisk arkiv skal klargjerast for overføring til depot. Riksarkivaren kan gi forskrift om periodisering.

Arkivdeler som ikke lenger er i bruk skal periodiseres. Dette betyr at dokumenter for en bestemt periode skilles ut og lagres på en ryddig og tilgjengelig måte. Kopier av slike elektroniske arkiv skal klargjøres for overføring til depot.AI

Arkivavgrensing

Dokument som verken har inngått i saksbehandlinga til organet eller har verdi som dokumentasjon, skal haldast utanfor eller fjernast frå arkivet ved arkivavgrensing. Arkivavgrensing skal gjennomførast seinast før avlevering. Følgjande dokument skal alltid haldast utanfor arkivet: a) trykksaker, rundskriv og anna mangfalda og allment tilgjengeleg materiale. Det organet som har utferda slikt materiale, skal likevel arkivere eitt eksemplar og dei nødvendige forarbeida. b) konsept, kladdar, ekstra kopiar, interne meldingar o.l. som ikkje har verdi som dokumentasjon. Konsept som har noteringar og påteikningar som er nødvendige for å forstå saka og den samanhengen ho står i, skal arkiverast. Det same gjeld kopi av alle utgåande dokument.

Dokumenter som ikke har vært en del av sakshåndteringen eller har verdi som dokumentasjon, skal ikke være med i arkivet. Enkelte typer dokumenter, som trykksaker og utkast uten dokumentasjonsverdi, skal alltid holdes utenfor.AI

referert av 6

Bevaringspåbod

Dersom ikkje Riksarkivaren fastset noko anna gjennom enkeltvedtak eller forskrift, skal følgjande materiale alltid bevarast: a) arkivmateriale frå 1950 eller før, etter at arkivavgrensing er utført b) presedenssaker og andre saker av prinsipiell karakter, også innanfor saksgrupper som kan eller skal kasserast c) journalar, medrekna journaldatabasar og journalregister d) arkivplanar.

Enkelte typer arkivmateriale skal alltid tas vare på med mindre Riksarkivaren har bestemt noe annet. Dette gjelder blant annet eldre materiale, prinsipielle saker, journaler og arkivplaner.AI

referert av 1

Kassasjon

Organet skal utarbeide kassasjonsreglar for materiale som ikkje er omfatta av arkivavgrensinga i § 14 eller bevaringspåbodet i § 15. Kassasjonsreglane skal gi oversikt over kva som skal bevarast, og kva som kan eller skal kasserast. Det kan òg fastsetjast kor lenge materialet skal oppbevarast før kassasjon. Statlege organ skal utarbeide eigne spesifiserte kassasjonsreglar for fagsakene. Riksarkivaren kan krevje at det overordna organet samordnar arbeidet med slike reglar. Reglane gjeld ikkje før dei er godkjende av Riksarkivaren. Dersom eit statleg organ ikkje har godkjende kassasjonsreglar eller ikkje har gjennomført kassasjon før avlevering til Arkivverket, kan Arkivverket nekte å ta imot materialet. Riksarkivaren skal gi forskrift om kassasjonsreglar for saker som gjeld eigenforvaltning i statlege organ, og om kassasjonsreglar for kommunar og fylkeskommunar.

Offentlige organer skal lage regler for hva som skal slettes og hva som skal bevares i arkivene. For statlige organer må reglene godkjennes av Riksarkivaren før de gjelder. Arkivverket kan nekte å ta imot materiale dersom reglene ikke er godkjente eller sletting ikke er gjennomført.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 14Forskrift om offentlege arkiv § 15referert av 3

Overføring av arkiv mellom organ

Ved overføring av arkivmateriale mellom offentlege organ skal det utarbeidast eit oversyn over det overførte materialet. Arkivnøklar og klassifikasjonar som har vore i bruk, skal følgje med ved overføringa. Når eit statleg organ overfører arkivmateriale til eit anna, skal det meldast frå om det til Arkivverket. Dersom arkivmateriale blir overført mellom offentlege organ, skal det ikkje skje noka samanblanding av arkiva til organa. Dersom eit offentleg organ tek over eit saksområde og det tilhøyrande arkivmaterialet frå eit anna organ, skal dette arkivmaterialet vere åtskilt frå anna arkivmateriale. Riksarkivaren kan etter søknad gjere unntak frå dette kravet.

Når offentlege organ flyttar arkiv mellom kvarandre, må det lagast ei liste over materialet og følgje med arkivnøklar. Arkiva skal haldast fråskilde, og Arkivverket skal varslast ved overføring mellom statlege organ.AI

referert av 2

Avlevering og arkivdepot

Offentlege organ skal avlevere eldre og avslutta arkiv til arkivdepot. Riksarkivaren gir forskrift om når avlevering skal skje. For elektronisk arkivmateriale og arkivmateriale på andre optiske og magnetiske lagringsmedium som film, lydband, video m.m. kan Riksarkivaren gi forskrift om eller fastsetje i særskilde vedtak at det skal deponerast kopiar i arkivdepot på eit tidlegare tidspunkt. Kommunar og fylkeskommunar kan treffe vedtak om lengre avleveringsfristar av administrative omsyn eller kortare fristar av bevaringsomsyn. Dette må ikkje gå ut over tryggleiken til arkivmaterialet. Kommunar og fylkeskommunar skal ha ordningar for arkivdepot for arkiva sine. I arkivdepotet skal arkiva bevarast for ettertida og gjerast tilgjengelege for bruk. Arkivdepotet skal føre register over arkiva og tilvekst, og halde oversyn og kontroll med arkivbestanden. Dersom eit offentleg arkiv har opphav i både statleg og kommunal sektor, kan Riksarkivaren fastsetje kvar arkivet skal avleverast.

Offentlige organ skal levere gamle og avsluttede arkiver til et arkivdepot. Arkivene skal bevares for ettertiden og være tilgjengelige for bruk. Kommuner og fylkeskommuner skal sørge for egne ordninger for arkivdepot.AI

Avleveringsplan for statleg arkivmateriale

Riksarkivaren fastset avleveringsplanar for statleg arkivmateriale i samråd med organet som skal avlevere materialet. I planen skal det fastsetjast tid og stad for avleveringa og dei klargjeringsprosedyrane som skal følgjast. Riksarkivaren kan gi forskrift om avleveringsplanar.

Riksarkivaren bestemmer sammen med det aktuelle organet hvordan statlig arkivmateriale skal leveres. Planen skal beskrive når og hvor leveringen skjer, samt hvilke rutiner for klargjøring som gjelder.AI

referert av 1

Krav til arkiv som skal avleverast

Arkiv som blir avleverte til arkivdepot, skal vere ordna etter opphav. Den opphavlege ordenen og indre samanhengen i kvart enkelt arkiv skal så langt som mogleg haldast ved lag. Arkivavgrensing og kassasjon etter § 14 og § 16 skal vere gjennomført før avleveringa. Arkivdepotet skal gi råd og rettleiing under arbeidet og sjå til at dei krava som er fastsette, blir oppfylte. Dersom statlege arkiv som skal avleverast ikkje oppfyller krava, kan Arkivverket nekte å ta imot materialet eller krevje refusjon etter arkivlova § 11 første ledd. Riksarkivaren kan gi forskrift om klargjering av arkiv før avlevering.

Arkiver som leveres til et arkivdepot skal være organisert etter opphav, og den opprinnelige rekkefølgen skal bevares så langt det er mulig. Sortering og sletting av materiale må være gjort før levering. Arkivverket kan avvise statlige arkiver som ikke oppfyller kravene.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 14Forskrift om offentlege arkiv § 16Forskrift om offentlege arkiv § 11referert av 3

Arkiv etter organ som blir lagt ned eller får ny status

Dersom eit offentleg organ blir lagt ned og saksområdet blir overteke av eit anna offentleg organ, skal arkivet overførast til dette organet, jf. § 17. Dersom saksområdet ikkje blir vidareført og overteke av eit anna organ, skal kommunale arkiv deponerast i arkivdepot og statlege arkiv overførast til det overordna organet. Dersom det er tvil om eit arkiv skal avleverast til statleg eller kommunalt arkivdepot, avgjer Riksarkivaren saka. Klargjeringa av arkivet skal inngå som ein del av avviklingsarbeidet til organet og skal oppfylle dei krava som gjeld ved avlevering i § 20. Offentlege utval som dannar eigne arkiv, jf. § 2, skal overføre arkivet til oppdragsgivaren i ordna stand når arbeidet er avslutta. Utvalsarkivet må ikkje blandast saman med oppdragsgivarens eige arkiv. Avlevering frå oppdragsgivaren til arkivdepot skal skje etter reglane i § 20. Dersom saksområdet til eit offentleg organ blir overteke av eit organ eller ei verksemd som ikkje er underlagt føresegnene om offentlege arkiv, kan arkivet berre overførast til den nye verksemda etter samtykke frå Riksarkivaren. Når eit offentleg organ går over til å bli privat eller skifter mellom statleg, fylkeskommunal eller kommunal status, skal arkivet avleverast til arkivdepot, om ikkje Riksarkivaren fastset noko anna med heimel i arkivlova § 10 andre og tredje ledd.

Reglene bestemmer hva som skjer med arkivene når et offentlig organ legges ned eller endrer status. Arkivene skal enten overføres til et nytt organ, leveres til et arkivdepot eller gå til oppdragsgiveren.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 17Forskrift om offentlege arkiv § 20Forskrift om offentlege arkiv § 2Forskrift om offentlege arkiv § 10

Refusjon for kostnader

Dersom Arkivverket utfører arkivtenester for eit anna organ, og dette skjer for administrative formål for vedkomande organ, kan Riksarkivaren krevje refusjon for kostnadene dette medfører.

Riksarkivaren kan kreve at et annet organ betaler tilbake kostnadene dersom Arkivverket utfører arkivtjenester for organets administrative formål.AI

Tilgang for organ til avlevert materiale

Organ som treng tilgang til avlevert materiale for saksbehandlinga si, skal få tilgang i arkivdepot. Dersom dette medfører urimeleg ulempe, skal materialet kopierast, eller i særskilde tilfelle lånast tilbake. Tilgang til materiale på elektroniske medium skal givast i form av kopi. Organ som låner tilbake materiale, skal sikre det like godt som i arkivdepot. Materialet må ikkje lånast vidare til andre utan samtykke frå arkivdepotet. Kostnadene ved tilbakelån eller produksjon av kopi skal dekkjast av det organet som lånar materialet eller mottek kopien.

Offentlege organ kan få tilgang til materiale i arkivdepot for saksbehandling. Dersom dette er vanskeleg, kan materialet kopierast eller lånast ut. Kostnader for kopi eller lån blir betalt av organet som ber om tilgangen.AI

referert av 2

Tilgang for allmenta til arkivmateriale i arkivdepot

Arkivdepotet skal leggje tilhøva til rette slik at allmenta kan gjere bruk av arkivmaterialet innanfor gjeldande føresegner om innsynsrett, teieplikt og gradering. Arkivdepotet avgjer ut frå omsynet til forsvarleg arkivbehandling korleis materialet skal gjerast tilgjengeleg, og skal i rimeleg mon etter oppmoding gi avskrift, utskrift eller kopi av dokument. Originalmateriale skal berre gjerast tilgjengeleg under tilsyn frå arkivdepotet. Allmenta kan nektast tilgang til materiale som er under ordning eller konservering, eller som er i ein fysisk tilstand som gjer hyppig bruk utilrådeleg.

Arkivdepoter skal legge til rette for at folk kan få se på arkivmateriale, så lenge regler om innsyn og taushetsplikt følges. Arkivet bestemmer hvordan dette skjer, og kan gi kopier av dokumenter. Originaler må alltid sees på under tilsyn.AI

Betaling for kopiar m.m

Arkivdepotet kan krevje betaling for avskrifter, utskrifter og papirkopiar av arkivmateriale etter satsar fastsette av departementet. Betalinga skal ikkje overstige dei faktiske kostnadene arkivdepotet blir påført. Det kan ikkje takast omsyn til tida som går med til å behandle innsynskrav, skrive ut eller kopiere dokument og til å sende ut dokument. Avgrensinga i høvet til å ta betaling etter andre ledd gjeld ikkje for tenester som går ut over innsynsretten etter offentleglova eller anna lovgiving, til dømes avskrifter av arkivmateriale som inneber transkribering eller tolking. Arkivdepot kan ikkje krevje betaling når dokument som alt ligg føre i elektronisk versjon blir sendt eller gjort tilgjengeleg elektronisk.

Arkivdepotet kan ta betalt for kopier og utskrifter av arkivmateriale etter fastsatte satser. Betalingen kan ikke være høyere enn de faktiske kostnadene, og det er gratis å få tilsendt dokumenter som allerede finnes elektronisk.AI

referert av 1

Iverksetjing og overgangsføresegner

Denne forskrifta blir sett i verk frå 1. januar 2018. Kulturdepartementet fastset nødvendige overgangsføresegner. Frå same tidspunkt blir forskrift 11. desember 1998 nr. 1193 om offentlege arkiv oppheva. Frå det tidspunktet forskrifta blir sett i verk, blir det gjort følgjande endringar i andre forskrifter: 1) Forskrift 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal --- 2) Forskrift 17. oktober 2008 nr. 1119 til offentleglova (offentlegforskrifta) --- 3) Forskrift 29. juni 2001 nr. 722 om personellsikkerhet --- 4) Forskrift 1. juli 2001 nr. 744 om informasjonssikkerhet --- 5) Forskrift 20. mars 2015 nr. 231 om krav til og organisering av kommunal legevaktordning, ambulansetjeneste, medisinsk nødmeldetjeneste mv. (akuttmedisinforskriften) --- 6) Forskrift 18. mars 2016 nr. 268 om Norsk helsearkiv og Helsearkivregisteret (helsearkivforskriften) --- 7) Forskrift om føring av klientjournal og meklingsprotokoll ved familievernkontorene mv. ---

Denne forskriften om offentlige arkiv trådte i kraft 1. januar 2018. Den erstattet en tidligere forskrift fra 1998 og førte til endringer i flere andre forskrifter.AI

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Kven har det overordna ansvaret for arkivarbeidet i eit offentleg organ?

Offentlege organ pliktar å halde arkiv som er ordna slik at dokumenta er sikra for samtid og ettertid. Det overordna ansvaret for arkivarbeidet ligg til den øvste leiinga i organet.

Åpne § 1
Regnes offentlige utval som egne organer?

Offentlige utval regnes normalt ikke som egne organer. Noen utval kan likevel ha eget arkiv, mens andre skal arkivere dokumentene sine hos et overordnet organ.

Åpne § 2
Kan Riksarkivaren lage egne regler for enkelte utval?

Riksarkivaren kan lage egne regler for enkelte organer eller utval. Disse reglene kan avvike fra det som står i denne forskriften.

Åpne § 3
Hva skal en arkivplan inneholde?

Alle offentlige organ skal ha en oppdatert arkivplan som beskriver arkivets innhold, organisering og gjeldende regler. Ledelsen skal sørge for at arkivarbeidet er en del av organets interne kontrollsystem.

Åpne § 4
Må alle saksområder i et organ være en del av klassifiseringen?

Offentlige organer skal ha et system for å sortere og dele inn alle sine saksområder. I staten skal det skilles mellom interne administrative saker og fagsaker.

Åpne § 5
Hvordan skal arkivmateriale lagres?

Arkivmateriale skal lagres på en måte som gjør at det holder seg og kan brukes. Dokumenter fra 1950 eller tidligere, samt dokumenter med spesiell historisk verdi, skal bevares som originaler.

Åpne § 6
Kva skal arkivlokale verne materialet mot?

Offentlege arkivlokale skal vere utforma slik at materialet er verna mot vatn, fukt, brann, varme, skadedyr og miljøpåverknad. Lokala skal også hindre innbrot, skadeverk og tilgang for uvedkomande. Riksarkivaren kan fastsetje nærare reglar for slike lokale.

Åpne § 7
Skal offentlege organ ha ei eiga adresse for e-post?

Offentlege organ skal ha ei eiga adresse for mottak av e-post.

Åpne § 8

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2025

Forarbeider og bakgrunn

Forskrifter med hjemmel i denne loven

1 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Forskrift om offentlege arkiv.