Opplysningar i journalar
Registreringa i journalen skal gjere det mogleg å identifisere dokumentet. Opplysningar som er omfatta av teieplikt i lov eller i medhald av lov skal ikkje gå fram av den offentlege journalen. Ved registrering av dokument i journalen skal følgjande opplysningar vere med:
a) journalføringsdato,
b) saks- og dokumentnummer (journalnummer i papirbaserte journalar),
c) namnet på sendaren eller mottakaren,
d) opplysningar om saka, innhaldet eller emnet,
e) dateringa på dokumentet,
f) klasse etter organets ordning for klassifikasjon, jf. § 5,
g) ekspedisjons- eller avskrivingsdato og
h) avskrivingsmåte.
Er det ikkje mogleg å registrere eit dokument utan at det går fram opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt, eller som allmenta elles ikkje kan krevje innsyn i, kan det gjerast unntak etter reglane i offentleglova i den versjonen av journalen som organet pliktar å gjere offentleg tilgjengeleg på internett eller tilgjengeleg som følgje av at nokon krev innsyn i journalen. Det kan berre gjerast unntak for ei heil journalregistrering når det er nødvendig for ikkje å røpe opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt.
For registrering av tryggingsgraderte dokument gjeld forskrift om informasjonssikkerhet § 4-10 til § 4-17. For registrering av vernegraderte dokument gjeld beskyttelsesinstruksen § 8.
Offentlige journaler skal inneholde spesifikk informasjon som gjør det mulig å identifisere dokumenter. Opplysninger som er hemmelige etter loven skal ikke stå i den offentlige journalen, og det kan gjøres unntak fra registreringen i tråd med offentligloven.AI
Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 5Forskrift om offentlege arkiv § 8referert av 3 →
Sammenheng
Referert av3
Koblinger for § 10 i forskrift-om-offentlege-arkiv.