Hopp til innhold
Forskrift

§ 2. Særreglar for offentlege utval m.m

Forskrift om offentlege arkiv·Kapittel I. Overordna føresegner

Særreglar for offentlege utval m.m

Offentlege utval som statlege, fylkeskommunale og kommunale råd, utval, nemnder, komitear og liknande blir ikkje rekna som eigne organ etter denne forskrifta. Offentlege utval som er oppretta ved lov eller kongeleg resolusjon, skal likevel ha eige arkiv med mindre anna er fastsett av det opprettande organet, vedkomande departement eller overordna organ. For andre offentlege utval kan dei nemnde organa fastsetje at utvalet skal ha eige arkiv. Dersom verksemda til eit utval inngår i den ordinære saksbehandlinga hos eit offentleg organ, skal saksdokumenta journalførast og arkiverast hos dette organet. Dersom eit offentleg utval ikkje skal ha eige arkiv, skal saksdokumenta til utvalet journalførast og arkiverast hos overordna organ eller hos eit organ det overordna organet fastset. For offentlege utval som skal ha eige arkiv, gjeld føresegnene i § 6, § 7, § 12, § 14 til § 17 og § 19 til § 25. Inngåande og utgåande saksdokument til eller frå slike utval skal journalførast etter føresegnene i § 9 og § 10.

Offentlige utval regnes normalt ikke som egne organer. Noen utval kan likevel ha eget arkiv, mens andre skal arkivere dokumentene sine hos et overordnet organ.AI

Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 6Forskrift om offentlege arkiv § 7Forskrift om offentlege arkiv § 12Forskrift om offentlege arkiv § 14referert av 2

Sammenheng

Se også9
Referert av2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 2 i forskrift-om-offentlege-arkiv.

Les hele forskriften i sammenheng →