Forskrift
§ 1. Arkivansvaret i offentlege organ
Arkivansvaret i offentlege organ
Offentlege organ etter arkivlova § 2 pliktar å halde arkiv. Arkivet skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er sikra som informasjonskjelder for samtid og ettertid. Kvar enkelt kommune og fylkeskommune kan fastsetje kva institusjonar og einingar som skal halde eigne arkiv.
Det overordna ansvaret for arkivarbeidet i eit offentleg organ ligg til den øvste leiinga i organet. I kommunar og fylkeskommunar er arkivansvaret ein del av det ansvaret som er lagt til administrasjonssjefen etter kommunelova § 23 eller kommuneråd og fylkesråd etter kommunelova § 20. Det kommunale og fylkeskommunale arkivansvaret omfattar òg arkiv som er avleverte til arkivdepot.
Eit offentleg organ har det overordna arkivansvaret for offentlege utval som organet har sett ned.
Offentlege organ pliktar å halde arkiv som er ordna slik at dokumenta er sikra for samtid og ettertid. Det overordna ansvaret for arkivarbeidet ligg til den øvste leiinga i organet.AI
Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 2Forskrift om offentlege arkiv § 23Forskrift om offentlege arkiv § 20
Sammenheng
Se også3
Endringshistorikk1
Koblinger for § 1 i forskrift-om-offentlege-arkiv.