Journalføring
Eit offentleg organ skal ha ein eller fleire journalar for registrering av dokument i dei sakene organet opprettar. I journalen skal ein registrere alle inngåande og utgåande dokument som etter offentleglova § 4 må reknast som saksdokument for organet, dersom dei er eller blir saksbehandla og har verdi som dokumentasjon. Organinterne dokument etter offentleglova § 14 skal organet registrere i journalen så langt organet finn det tenleg. Desse organinterne dokumenta skal likevel alltid journalførast:
a) dokument som er omtalte i offentleglova § 14 andre ledd
b) dokument som er omtalte i offentleglova § 16 første ledd bokstav a til d, § 16 andre ledd og § 16 tredje ledd første punktum
c) dokument som er omtalte i offentlegforskrifta § 8.
Dokument i saker om innsyn er ikkje omfatta av journalføringsplikta, med mindre dokumenta gjeld eller inneheld ei nærmare grunngjeving, ein klage, eit krav om betaling for innsyn eller eit spørsmål om korleis innsyn skal givast.
Offentlige organer skal registrere alle innkommende og utgående saksdokumenter i en journal. Enkelte interne dokumenter skal også registreres, mens dokumenter i innsynssaker som hovedregel ikke skal journalføres.AI
Se ogsåForskrift om offentlege arkiv § 4Forskrift om offentlege arkiv § 14Forskrift om offentlege arkiv § 16Forskrift om offentlege arkiv § 8referert av 3 →
Sammenheng
Se også4
Referert av3
Koblinger for § 9 i forskrift-om-offentlege-arkiv.